Eit svakt 2013 med lite å gjere, tok aktiviteten seg kraftig opp i 2014 (sjå tabell) for reparasjon- og ombyggingsverftet Båtbygg på Raudeberg i Vågsøy.
Driftsresultatet er attende på pluss-sida, men lønsemda er ikkje høg.
Det har vore bra med oppdrag også i 2015. Driftsinntektene blir om lag som i fjor, og det blir lønsemda og, ventar økonomisjef og medeigar Trond Gangsø.
- Vi merkar at det er dårlege tider, seier han.
Trøysta er at det går godt i fiskeri- og oppdrettsnæringa.
- Har det kompensert for nedgangen i offshore?
- Kanskje ikkje fullt ut, men det er ikkje langt i frå, seier Gangsø.
Driftsresultatet er attende på pluss-sida, men lønsemda er ikkje høg.
Det har vore bra med oppdrag også i 2015. Driftsinntektene blir om lag som i fjor, og det blir lønsemda og, ventar økonomisjef og medeigar Trond Gangsø.
Oppsving i fisk
Båtbygg tek mot alle typar oppdrag, men har som store deler av verftsnæringa nytt godt av høgt oljepris og stor investeringsvilje hos offshorereiarlaga. No er investeringsviljen nesten borte, og det merkast også hos Båtbygg, i følgje Gangsø.- Vi merkar at det er dårlege tider, seier han.
Trøysta er at det går godt i fiskeri- og oppdrettsnæringa.
- Har det kompensert for nedgangen i offshore?
- Kanskje ikkje fullt ut, men det er ikkje langt i frå, seier Gangsø.
Valutafordel
I år har Båtbygg mellom anna vunne ein kontrakt om å forlengje ein irsk fiskebåt. Slike oppdrag ville verftet hatt mykje tyngre for å vinne for eit tpar år sidan, men takka vere ei gunstig valutautvikling har verftet blitt meir konkurransedyktig kampen om oppdrag frå utlandet.Publisert: 16.09.2015 16:06
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:46






