Konkurranse om fleire distriktsruter
HOVDEN: Ruta mellom Ørsta-Volda og Bergen skal konkurranseutsetjast. Tilbodsfristen for flyselskapa er 8. april.
Nytt

Konkurranse om fleire distriktsruter

Avgiftskutt og ny konkurranse om rutene Sandane – Oslo, Ørsta-Volda – Bergen, Sogndal – Bergen og Sandane – Bergen.

08.02.2019
NPK: – Det regionale flytilbodet er ein viktig del av det nasjonale transporttilbodet i Noreg og for kollektivtilbodet i distrikta, seier samferdselsminister Jon Georg Dale i ei pressemelding.
Samferdselsdepartementet vil betra rammevilkåra for dei regionale kommersielle flyrutene og sender derfor på høyring eit forslag om på nytt å innføra fritak i den vektbaserte startavgifta for inntil seks tonn.
I tillegg foreslår departementet å endra innflygingskostnadane. Begge tiltaka vil betra rammevilkåra for den regionale luftfarten og fleire kommersielle ruter, meiner departementet.

Widerøe jublar for forslag om avgiftskutt

Widerøe har tidlegare varsla rutekutt på grunn av flypassasjeravgifta som blei innført av regjeringa i 2016. Endringa i startavgifta er retta mot dei kommersielle flyrutene i distrikta. Startavgifta utgjer 57 millionar kroner årleg på Widerøe sine kommersielle ruter.
– Når det kjem signal som dette, vil me sjølvsagt utsetta ei avgjerd om mogleg rutekutt. Noko anna ville ha vore useriøst. Slike kutt var basert på heilt andre føresetnadar, seier Widerøe-sjef Stein Nilsen til .

Konkurranse om distriktsruter

Samferdselsdepartementet lyser no ut ein konkurranse om drift av regionale flyruter i Sør-Noreg. Tilbodsfristen for flyselskapa er 8. april, og det nye tilbodet trer i kraft 1. april 2020.
– Gjennom utlysinga av ny konkurranse om drift av regionale flyruter i Sør-Noreg sikrar regjeringa eit godt tilbod til flypassasjerane, seier Dale. Flyselskapet som vinn konkurransen, får einerett til drift av ei rute, eller eit ruteområde, i eit gitt tidsrom.
Konkurransen omfattar desse flyrutene frå 2020 til 2024: Røros – Oslo, Førde – Oslo, Sogndal – Oslo, Sandane – Oslo, Ørsta-Volda – Bergen, Sogndal – Bergen, Sandane – Bergen.
Dei nye flyrutekjøpa inneber at ruta Førde – Bergen ikkje lenger vil vera ein del av det statlege kjøpet av lufttransport etter 1. april 2020. Dette er mellom anna på grunn av få passasjerar, opplyser departementet.

Publisert: 08.02.2019 08:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31