Kongsberg skal kutte fleire stillingar
ULSTEINVIK: Finansminister Siv Jensen på besøk ved Kongsberg Maritime-avdelinga i Ulsteinvik i haust. Dei skal ikkje bli råka av den siste nedbemanninga som dei tilsette fekk vite om måndag. 
Nytt

Kongsberg skal kutte fleire stillingar

Kongsberg-divisjon må likevel gjere reduksjonar, men selskapet håpar færre enn 85 tilsette må gå.

Marius Rosbach
21.01.2020
Fleire tilsette misser jobbane sine i Kongsberg Maritime, melder tysdag.
Ifølgje avisa fekk dei tilsette ved Hjørungavåg-avdelinga vite på eit allmøte måndag at det skal fjernast kring 85 stillingar i forretningsområdet «Deck Machinery & Motion Control» - også kalla DMMC.

Håpar færre må gå

Kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk stadfestar reduksjonane til avisa.
– Vi ser på moglegheiter for å finne arbeid i andre avdelingar, og nokre av stillingane blir redusert som følgje av naturleg avgang. Så vi håpar at det endelege talet for oppseiingar vil bli lågare enn dette, seier ho til avisa.
I første rekke kjem kutta ved Hjørungavåg, Ålesund og Brattvåg, men også andre avdelingar.

Blei sett på vent

Kongsberg varsla tidleg i fjor haust varsla e. Utpå hausten ble delar av denne prosessen for dei tilsette på dekksmaskineri. Fleire kontraktar som er i «kjømda» var ei av årsakene til at ein meinte det var lurt ta seg betre tid.
Det er denne reduksjonen som no likevel blir gjennomført, opplyser Wollebæk til NETT NO.
Før jul var ein i mål med i Hjørungavåg og Ålesund.

Les også:



Brattvåg er størst

Kongsberg er no ein av dei største private arbeidsgjevarane på Nordvestlandet med kring 1500 tilsette i Ulsteinvik, Hjørungavåg, Ålesund, Brattvåg og Longva.
«Deck Machinery & Motion Control»-divisjonen har om lag 650 tilsette - og 450 av desse jobbar i Norge. Brattvåg er den største avdelinga, saman med Ålesund og Hjørungavåg på Sunnmøre- i tillegg til Hagavik i Hordaland.
– Vi har ikkje fordelinga av den føreslegne stillingsreduksjonen per stad. Det vil avhenge av vidare drøftingar og om vi klarar å redusere talet, opplyser Wollebæk til NETT NO.

Les meir:





Publisert: 21.01.2020 12:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51