Kongsberg hentar inn fem milliardar kroner
EMISJON: Kongsberg hentar inn fem milliardar kroner til kjøpet av Rolls-Royce Commercial Marine. Med emisjonen er konsernsjef Geir Håøy i Kongsberg Gruppen eitt steg nærare å ta over styringa av marinedivisjonen i Rolls-Rolls.
Nytt

Kongsberg hentar inn fem milliardar kroner

Skaffar kapital for å kjøpe Rolls-Royce sin marinedivisjon.

13.03.2019
Styret i Kongsberg Gruppen kallar inn til ekstraordinær generalforsamling 2. november for å få aksjonærane med på ein emisjon på fem milliardar kroner.
Pengane skal brukast til kjøpet av Rolls-Royce Marine, der Kongsberg Gruppen har fått tilslaget til ein pris på 5,3 milliardar kroner.

Staten bidreg

Generalforsamlinga skal haldast på Thon Hotel Vika Atrium i Oslo, men er i praksis ein formalitet ettersom Stortinget 9. oktober samtykka til kjøpet.
Staten eig 50,001 prosent av aksjane i Kongsberg, og selskapet opplyser i innkallinga til generalforsamlinga at staten representert ved Nærings- og fiskeridepartementet vil, på visse vilkår, fullt ut røyste for og delta i emisjonen.
I tillegg har garantistane forplikta seg til å teikne seg for dei aksjane som elles ikkje vert teikna i løpet av teikningsperioden i det som er ein fortrinnsrettemisjon.

Teikningsstart 7. november

Teikningskursen skal fastsetjast av Kongsberg-styret basert på råd frå Generalforsamlinga og tilretteleggjarane.
Med atterhald om at Finanstilsynet godkjenner prospektet, vil teikningsperioden starte 7. november og avsluttast ved børsslutt 21. november.
Tilretteleggjarar er Arctic Securities AS, DNB og Danske Bank.

Publisert: 13.03.2019 17:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26