Kongsberg Evotec endeleg i pluss
ULSTEINVIK: Etter fleire dårlege år, peikar pilane no oppover for Kongsberg Evotec.
Nytt

Kongsberg Evotec endeleg i pluss

Etter tap på 300 millionar kroner på fem år, fekk endeleg Kongsberg Evotec plusstal i fjor.

17.02.2017
- Ja, det er rett. Vi hadde plusstal i fjor, seier adm. dir. Steinar Aabelvik ved Ulsteinvik-bedrifta.
Tala er ikkje offentleggjorde, men plusstala er uansett godt nytt for eigaren Kongsberg som har måtta tatt store tap etter at Kongsberg Evotec vart etablert i april 2006.
Tapsrekka frå 2011 til 2015 var 74, 77, 31, 12 og 106 millionar kroner. Siste året fekk ein også ein smell i retten etter å ha vorte dømd til å betale 95 millionar kroner for brot på marknadsføringslova etter strid med Rolls-Royce.
Talet på tilsette gjekk samstundes ned frå 105 på det meste til rundt 50 i fjor, og omsetninga frå 2014 til 2015 stupte frå 343 til 166 millionar kroner.
Men no peikar pilane oppover igjen, sjølv om Aabelvik ikkje vil friskmelde bedrifta heilt.
- Som mange andre andre manglar vi oppdrag, som betyr at vi har iverksett litt permitteringar og redusert arbeidstid.

Salmar-kontrakt

På den positive sida kjem at selskapet er inne på det store Ocean Farming-prosjektet til Salmar. Her skal Kongsberg Evotec blant anna levere vinsjar som skal handtere dei ulike netta inne i mæren.
- Vi leverer for tida også utstyr til to seismikkfartøy under bygging i Kina, seier Aabelvik.
Nyleg offentleggjorde selskapet også den første kontrakten på sitt nyutvikla gangvegkonsept W2W (walk to work, red merk), etter at Olympic Shipping satsar på Evotec-konseptet til bruk om bord i Olympic Orion.

Les her:


Kongsberg-leiinga har samstundes avgjort at prrosjektorganisasjonen til nysatsinga skal liggje i Ulsteinvik.

Nye vinsjar

Etter at seismikk- og offshoremarknaden kollapsa, har selskapet konsentert seg meir mot oppdrett og fiskeri. Selskapet lanserer no også ein heilt ny serie med vinsjar, inkludert nye trålvinsjar.
- Vi har store forhåpningar knytt til vinsjar både til fiskeri og havforskning, der vi inngår i totalkonsept til Kongsberg Maritime, seier Aabelvik.

Miniubåtar

Han opplyser at det også vert jobba som før med LARS-system (launch and recovery, red. merk) for ROV-ar, men no vert det også satsa på LARS-system for AUV-ar - fjernstyrte miniubåtar. Det siste skjer i samarbeid med Kongsberg Maritime.
Sjølv om det ser lysare ut enn på lang tid, seier Steinar Aabelvik at det ikkje er aktuelt med nytilsetjingar no.
- Nei, i det mellomlange bildet er det ikkje det. No må vi primært ta sikte på å få alle som jobbar redusert tilbake i fulle stillingar.
Vi har store forhåpningar knytt til vinsjar både til fiskeri og havforskning

Publisert: 17.02.2017 05:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:06