Kondemneringsordning lansert
LANSERING: Stimuleringstiltak for verftsindustrien som næringsminister Iselund Nybø (blå jakke) og regjeringa foreslo i vår er sett i verk.
Nytt

Kondemneringsordning lansert

Regjeringa lanserer kondemneringsordning for skip.

24.08.2020
NPK-NTB/NETT NO: Regjeringa lanserer kondemneringsordninga for skip i nærskipsfart og ei låneordning for skip i nærskipsfart og fiskeflåten.
Ordningane skal stimulere til flåtefornying og reduserte klimagassutslepp frå norsk skipsfart.
– Kondemneringsordninga vil bidra til at gamle skip blir hogne opp, og ikkje lenger forureinar langs kysten. Meir klimavennlege skip langs kysten bidreg til å redusere utsleppa. I tillegg kan dette sikre og skape nye grøne arbeidsplassar og styrkje konkurransekrafta til næringa internasjonalt, seier næringsminister Iselin Nybø (V) i ei pressemelding.
Målet er at eldre fartøy skal erstattast av null- og lågutsleppsfartøy.
Det er ikke snakk om eit nye tiltak frå regjeringa si side, berre ei lansering av allereie vedtatte ordningar. Kondemneringsordninga og låneordninga blei foreslått då regjeringa kom med framlegget til revidert nasjonalbudsjett i mai i år.

Tiltaket vil gjere både fiskeri- og havbruksnæringa meir grøn og berekraftig, meiner fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H).
Som del av koronatiltaket til regjeringa retta mot næringslivet, vart det i mai vedteke å etablere ei eiga låneordning for skip i nærskipsfart og fiskeflåten. Det er løyvd 300 millionar kroner til tapsavsetning for ordninga, som gir ein total låneramme på 600 millionar kroner.
– Eg oppmodar reiarlag som ønskjer å fornye lasteskip eller fiskefartøy, til å undersøkje moglegheitene. Vi treng grøne sjøtransportløysingar framover, seier Ingebrigtsen.
Målgruppa for kondemneringsordninga er norskregistrerte føretak som har lasteskip i nærskipsflåten som går mellom norske hamner og norske og europeiske hamner.

Publisert: 24.08.2020 14:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01