Kommunane faar mindre aa rutte med
REVIDERT: Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland. 
Nytt

Kommunane får mindre å rutte med

Staten held igjen på dei frie inntektene til kommunane. Dette vil merkast når utgiftene til barnevern og pleie- og omsorg skal betalast.

14.05.2019
NPK-NTB-Helle Høiness: Veksten i løyvingane er på mellom 0,3 og 0,5 prosent.
Kommunal- og moderniseringsministeren meiner likevel det er moglegheiter både til auka effektivitet og betre kvalitet i tenestene.
– Så forstår eg at det er krevande å sy saman kommunebudsjettet, men det er eit godt rom for å auke tenestetilbodet og ikkje minst ha meir effektive tenester, seier Monica Mæland (H).
Tysdag la regjeringa fram kommuneproposisjonen for 2020 saman med revidert nasjonalbudsjett.
Det går bra i Noreg, og dermed blir kommuneøkonomien stramma inn. Utgiftene kommunane har til pensjonar har vorte mindre, og lista over kommunar på Robek-lista er redusert.

Tøft for små kommunar

Regjeringa legg opp til at kommunane får ein vekst i dei såkalla frie inntektene på mellom 1 og 2 milliardar kroner i 2020. Fylkeskommunane får mellom 100 og 200 millionar mindre i 2020 enn i 2019.
Senterpartiet er bekymra på vegner av innbyggarane i kommunane og fryktar at kommunane ikkje blir i stand til å oppfylle forventningane som regjeringa skaper.
– Dette vil merkast på pleie og omsorg for eldre, men også for barna. I mange kommunar er dette den største utgiftsposten. Det blir kutt. Tilboda og kvaliteten på det dei eldre får, vil bli redusert. I Oslo kan det betyr at folk blir flytta frå ein del av byen til den andre, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Færre ungdommar

For fylkeskommunane er budsjettet redusert blant anna fordi det er nedgang i talet på elevar i vidaregåande.
– Vi har lagt opp til å dekke demografiutgiftene. Kommunane får auka utgifter, medan fylkeskommunane har nedgang i demografien sin fordi det blir færre 16- og 18-åringar, seier Mæland.
Kutta for fylkeskommunane vil gå ut over elevane, varslar SV.
– Dette vil ramme elevane i vidaregåande skular, dei som treng hjelp til oppstart av bedrifter og alle som er avhengig av transport, enten du køyrer på fylkesvegane eller med buss og ferjer, seier SVs kommunalpolitiske talsperson Karin Andersen. Ho meiner at heile regionreforma er spel for galleriet, og at Høgre og Framstegspartiets plan er å legge ned fylkesnivået.
KS reagerer òg på at regjeringa legg opp til å redusere inntektene til fylkeskommunane og meiner det er ein dårleg start for regionreforma.
– Regjeringa og Stortinget veit at det ikkje er nok å vedta ei reform, det må faktisk pengar til, seier leiar Gunn Marit Helgesen i KS.
Dette vil ramme elevane i vidaregåande skular, dei som treng hjelp til oppstart av bedrifter og alle som er avhengig av transport

Publisert: 14.05.2019 13:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35