Kommunane avviklar karantenekrav
SLUTT PÅ SÆRREGLAR: No kan du reise til Stordal i Fjord kommune frå kvar som helst i Noreg utan å måtte gå i karantene.  Det gjeld for heile Sunnmøre.
Nytt

Kommunane avviklar karantenekrav

Seint måndag avvikla Fjord kommune sine kommunale koronatiltak. No er det nasjonale reglar som gjeld på heile Sunnmøre.

31.03.2020
Tidlegare måndag avvikla både Sykkylven og Stranda sine kommunale koronatiltak. Dermed er det ikkje lenger kommunale særreglar i noko kommune på Sunnmøre. Kommunane i Nordfjord hadde og særreglar, men dei vart avvikla 22. mars.
Ei rekkje kommunar, med Ålesund i spissen hadde innført eigne karantenereglar, som mellom anna gjorde at tilreisande frå andre delar av Sør-Norge måtte i karantene.

Ulike reglar førte til protestar frå industri, mellom anna frå Maritim forening for søre Sunnmøre (Mafoss).
Mafoss kravde, i eit brev til Fylkesmannen i Møre og Romsdal og alle ordførarane i fylket, at både fylke og kommunar burde halde seg til dei nasjonale reglane og ikkje innføre eigne reglar.
"Når egne ansatte og underleverandører ikke kommer inn i fylket uten å gå i 14 dagers karantene, vil det ganske raskt føre til at arbeidet ved bedriften stopper opp.", heitte det i brevet.
Søndag la regjeringa fram ei rettleiing for korleis kommunane bør praktisere smittevernregelverket. Staten vil ikkje pålegge kommunane å avvikle eigne reglar, men på Sunnmøre har no alle kommunar fylgt oppmodinga fra regjeringa om å nøye seg med det nasjonale regelverket for å begrense koronasmitte.

Publisert: 31.03.2020 08:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55