Kom med tre tips til fjernarbeid
ULSTEINKONFERANSE: Tarjei Vassbotn fortalde korleis til dømes Google nytta store summar på å gjere triveleg å møtast. Samtidig meiner voldingen at evna til å drive «remote work» blir viktigare. 
Nytt

Kom med tre tips til fjernarbeid

Tidlegare Google-topp Tarjei Munthe Vassbotn har jobba meir med enn dei fleste utan omsyn til fysiske omgjevnader.

Marius Rosbach
24.09.2020
Voldingen Tarjei Munthe Vassbotn er rekna som ein av dei fremst teknologane i landet, og var mellom deltakarane på Ulsteinkonferansen «The New Normal» torsdag.
Der kom han mellom anna med tre tips til kva ein bør tenke på for å lukkast med sokalla fjernjobbing – eller «remote work» - ein måte å jobbe på som for mange har blitt heilt nødvendig i kjølvatnet av koronapandemien.

Tror på fleksible arbeidsplassar

Vassbotn har bakgrunn som leiar av «internet of things»-avdelinga til Google, eit selskap som sjølv nyttar store summar på å gjere kontorlokala spennande på ulike måtar.
Samtidig var dei tidleg ute med å avgjere at dei tilsette skal jobbe frå heimekontor fram til neste sommar, grunna koronapandemien.
– Det har skjedd ei endring både hos arbeidsgjevarar og tilsette. Min påstand er at dei bedriftene som klarar å lage fleksible arbeidsplassar, vil stå sterkare, sa han.

Tre faktorar viktige

Vassbotn har melom anna vore med å bygge opp teknologiselskapet Disruptive Technologies frå Volda – i lag med tilsette andre plassar i verda. Han har kome fram til tre faktorar som er viktig å tenke på for både leiarar og tilsette som skal jobbe saman frå ulike geografiske stader.
  • Samkøyring
  • Autonomi
  • Asynkront arbeid

Ba tilsette gi terningkast

Det å vere samkøyrde, handlar ikkje minst om å ha tilsette som identifiserer seg med verdiane i bedrifta, påpeika Vassbotn. Han rådde også leiarar til å ta ein prat med alle sine tilsette ein gong i veka – og bruke samtalene aktiv i leiarskapen.
– Eg brukte be mine tilsette om å kome med eit terningkast for korleis dei hadde det. Når vi snakkar saman må vi samtidig vere ærlege og ha empati med kvarandre, la han til.
Autonomi handlar om å gjere folk i stand til å jobbe på eiga hand og ikkje vere avhengig av andre sine avgjersler. Samtidig må ein gjere folk i stand til å jobbe asynkront – det vil seie til ulike tider.
Vassbotn rådde bedrifter til å investere i skikkeleg utstyr – til dømes lydanlegg – som gjer arbeid frå heimekontor praktisk å gjennomføre.
Å jobbe på felles diskar digitalt, og bruke verktøy som Slack er andre nyttige hjelpemiddel når folk ikkje berre jobbar ulike plassar – men også i ulike tidssoner.

Meir om konferansen:


Tore Ulstein:


(ekstern lenke)

Publisert: 24.09.2020 12:38

Sist oppdatert: 05.07.2021 11:37