Kom med meir jobb til Kleven
TIL KAI: Etter å ha venta i fleire dagar kunne lasteskipet legge til kai ved Kleven laurdag. 
Nytt

Kom med meir jobb til Kleven

Lasteskip måtte vente i dagevis før det kom til kai på Kleven. Det er framleis ikkje noko nytt om ein ny eigar for verftet - som har skifta til engelsk selskapsnamn.

Marius Rosbach
04.01.2020
Kleven verft fekk laurdag levert nye delar til ein lekter dei har under ombygging. Uver gjorde at lasteskipet «Aal Kobe» blei nokre dagar forseinka.
– Det har sirkla rundt i fjorden nokre dagar og venta på eit vêrvindu for å komme til kai, fortel Kleven-direktør Kjetil Bollestad til NETT NO.

Lekter-oppdrag

Leveransen er prefabrikkerte stålseksjonar og ISO-bygde røyr som skal nyttast i ombygginga av lekteren Boabarge 33, ifølgje Bollestad.

Oppdraget som blei starta i slutten av oktober, gir arbeid til om lag 100 arbeidarar ved verftet. Etter planen skal den leverast i slutten av februar.
Det er reiarlaget Boa Barges AS i Trondheim som skal bygge om lekteren til eit oppdrag utanfor kysten av Dakar i Vest-Afrika. Tidlegare i haust blei det kjent at .

Har vore forhandlingar

Kleven-verftet har framleis ikkje gått ut med nokon avklaring på arbeidet med å få inn nye eigarar.
NETT NO er kjent med at det har gått føre seg forhandlingar dei siste vekene – og mellom anna har det vore i Kroatia.
Kleven Verft gjekk på ein solid smell i 2018. Først mot slutten av 2019 leverte verftet rekneskapen som kroner.

Skifta namn til Kleven Yards

At Kleven-selskapet mot slutten av fjoråret skifta namna frå «Nye Kleven Verft AS» til «Kleven Yards», skal ein ikkje legge så mykje i, ifølgje finansdirektør Ola Beinnes Fosse.
– Vi kjem nok framleis til å heite Kleven verft. I ein overgangsperiode hadde vi to selskap som heite Kleven Verft – gamle og nye – og då måtte vi bruke eit anna namn ein periode, forklarar Fosse til NETT NO.
Dagens eigar, Hurtigruten, ønskjer å selje seg ut av verftet på Sunnmøre. Reiarlaget fekk nyleg overlevert MS Fridtjof Nansen, som framleis ligg til kai ved verftet.

Les også:





Publisert: 04.01.2020 15:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:49