Kolaas ser etter investorar
KUTT: Priskutt i 2014 fekk ikkje fart på salet av hyttetomter på Bondalseidet. 
Nytt

Kolås ser etter investorar

Inge Kolås er på jakt etter investorar til hyttebygging på Bondalseidet i Ørsta.

17.08.2017
Bondalseidet Hytteutvikling selde ingen hyttetomter i fjor. Året før vart det seld to.
Selskapet eig eit regulert og delvis utbygd hyttefelt ved skitrekket på Bondalseidet i Ørsta. Feltet sto klart like før finanskrisa, men etterpå at salet gått tregt.

Driftsinntektene til selskapet var 8000 kroner i 2016. Med 9,1 millionar kroner i gjeld blei resultatet eit underskot før skatt på 0,8 millionar kroner.

Investorar

Det er entreprenør Inge Kolås som eig Bondalseidet Hytteutvikling. Opphavleg var selskapet Strandmann Maskin med på eigarsida, men trekte seg ut.
Etter å ha arbeidd for å få fart i salet i fleire år, er Kolås no ute etter å få inn investorar for å halde selskapet gåande og kome ut av stillstanden. Kolås seier han reknar med ei avklaring i løpet av hausten.

Ny idear

Kolås har tidlegar lansert idear om å få ei stallanlegg i nærleiken av hyttefeltet og å knyte feltet til ei stianlegg mellom Ørsta og Hjørundfjorden, mellom anna for å gjere området meir attraktivt året rundt. Han meiner og ei vegutbygging til toppen av skianlegget vil gjere hyttefeltet meir attraktivt.
Nye idear er og eitt av poenga med å arbeid for å få nye investorar med, i følgje Kolås.

30 millionar kroner

I følgje årsrapporten til Bondalseidet Hytteutvikling har dei uselde hyttetomtene ein verdi på cirka 30 millionar kroner.
Hyttefeltutbyggarar i både Ørsta og Volda fekk tøff konkurranse frå Stryn og Hornindal etter at Kvivsvegen opna. Ein rapport som vart lagt fram tidlegare i år konkluderte også med at skianlegga i begge kommunane ligg utsett til for klimaendringar.

Publisert: 17.08.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:12