Knuste alle rekordar i juli
SYKKYLVEN: Olav Fjællingsdal starta i det små i garasja til mora. No driv han Sykkylven Bil, Circle K-stasjonen og eig bygningane.
Nytt

Knuste alle rekordar i juli

Først vart det ny rekord i juni, og så kom juli med endå betre sal. Sykkylven Bil sel bil til heile landet.

08.08.2020
- Ja, vi sel bilar frå Alta i nord til Kristiansand i sør, seier Olav Fjællingsdal.
Han starta i 1989 i det små med dekksal frå garasja til mora, og står vel 30 år seinare for selskapa Sykkylven Bil, Fjællingsdal Eiendom og Circle-K-stasjonen i Sykkylven.
- Å drive bensinstasjon er pengar inn og pengar ut, og lite å tene på, men ved verksted og salsavdelinga i Sykkylven Bil har det siste månadene vore bånn gass.

Nye rekordar

Rundt 200 bruktbilar vert årleg selde gjennom Sykkylven Bil. Etter koronanedstenging og permitteringar eksploderte salet då Norge på nytt vart opna litt opp att.
- I juni selde vi 30 bilar. Det var ny junirekord.
- Men så kom juli, då vi eigentleg skulle ha ferie. Vi selde heile 45 bilar i juli, ‘all time high’ for ein enkel månad sidan vi starta opp.

Kjem langvegsfrå

Sjølv om mesteparten av kundane kjem frå Sykkylven og nærområdet, har det auka på med sal til andre stader av landet.
- Ein kan av og til lure på kvifor ein lærar frå Tromsø kjem eins ærend til Sykkylven og kjøper bil her, men eg trur at det er ein kombinasjon av gunstig pris og at enkelte har lyst til å ta seg ein tur, og kombinerer det med bilkjøp.
Fjællingsdal seier at Sykkylven Bil ikkje satsar på dei dyraste bilane, ei heller dei aller rimelegaste.
- Hovedtyngda ligg i prisklassen mellom 80.000 kroner og 220.000 kroner.
I fjor omsette Sykkylven Bil for 27,6 millionar kroner, opp frå 26,3 millionar året før.
Resultatet før skatt enda på 0,9 millionar kroner, mot 0,5 millionar i 2018.

Søker etter fleire tilsette

Selskapet har 1,9 millionar kroner i samla eigenkapital, og ingen langsiktig gjeld.
I Circle K-butikken er det eit tjuetals tilsette, men dei fleste arbeider deltid.
På verksted og med bilsal er det no seks tilsette, men Fjællingsdal jaktar no fleire tilsette.
- Vi søkjer etter ein bilmekanikar og ein teknisk leiar for bilverkstedet.
- Ein skulle kanskje ikkje tru det, men det er faktisk litt vanskeleg å få tak i folk.

Plukka opp av merkeforhandlarar

Fjællingsdal seier at mange av dei aktuelle kandidatane fort vert plukka opp av merkeforhandlarane i Ålesund.
Dit reiste også sonen Stian, men han er no tilbake i familiebedrifta som ansvarleg for bilsalet.
- Han har gått bilmekanikarlinja og tatt fagbrev her, og det er godt å ha han tilbake.
Men så kom juli, då vi eigentleg skulle ha ferie

Publisert: 08.08.2020 05:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00