Knallraudt for World Wide Supply
OPPLAG: World Diamond er eitt av to WWS-skip i opplag.
Nytt

Knallraudt for World Wide Supply

Ulsteinvik-baserte World Wide Supply slit. 2014 vart blodraudt og 2015 har også starta dårleg.

29.07.2015
Selskapet har seks identiske PSV-ar som vart leverte frå Damen-verftet i Romania i løpet av 2013. Fjoråret var dermed det første heile driftsåret og det enda med at selskapet tapte 168 millionar kroner før skatt.
Driftsinntektene enda på 253 millionar, og driftsresutatet var positivt med 24 millionar.
Men finanskostnader på 228 millionar kroner drog ned, inkludert eit urealisert valutatap i 2014 på 117 millionar kroner.

To skip i opplag

Heller ikkje starten på 2015 har vore god. Då selskapet la fram tal for første kvartal, var tapet på 8,3 millionar USD i perioden.
I mai la selskapet også dei to PSV-ane World Diamond og World Pearl i opplag, og sende oppseiingsvarsel til 48 av mannskapet på dei to NIS-registrerte skipa.
Dei fire andre skipa går på langtidskontrakt for Petrobras i Brasil. Kontrakten varer til juni 2018, med opsjon på fire år til. Verdien på den faste delen har selskapet oppgitt til å vere på 160 millionar dollar.

Tok tid med Brasil-klargjering

Styret skriv i sin årsrapport at det tok tid før desse fire skipa kom i arbeid for Petrobras i 2014. Skipa måtte først på verksted for teknisk klargjering for kontrakten. I tillegg tok det tid å få skipa innklarerte til Brasil.
Utnyttingsgraden vart dermed lav for dei fire skipa i 2014.
Derimot hadde World Diamond og World Pearl oppdrag heile året for GdF på britisk sokkel av Nordsjøen, men oppdraga enda i februar i år. Tre månader seinare vart skipa lagde i opplag.

Låneforfall i 2017

Selskapet hadde ved årsskiftet knappe 1,1 milliardar kroner i gjeld frå eit sikra obligasjonslån. Lånet er avdragsfritt med ein fast rentesats på 7,75 % og forfell i heilheit til betaling i mai 2017.
På grunn av pressa økonomi og behov for kapital til å klargjere dei fire skipa til Brasil-oppdraget, henta selskapet i 2014 inn 130 millionar kroner gjennom ein emisjon. Selskapet håpa på ein kurs på mellom fem og seks kroner aksjen, men emisjonen måtte gjennomførst til dumpingpris til ein kroner aksjen.
Selskapet har henta inn verdianslag frå to meklarar, der snittet viser at verdijustert eigenkapitaldel ved årsskiftet var på 28,25 %, tilsvarande 2,90 kroner aksjen.

Herøy-opererte skip

World Wide Supply hadde ved årsskiftet 181 tilsette, der 59 var eigne tilsette. Skipa vert opererte av Herøy-selskapet Remøy Management, som var største aksjonær før dumpingemisjonen, men som vart kraftig utvatna og no er sjette største aksjonær i selskapet med 5,97 % av aksjane.
Størst etter den siste emisjonen er J. O. Odfjell med 14,6 % føre Lundhs Labradorieeksport med 11,12 %.
Andre større aksjonærar er Nordvestor Aktiv, Sydvestor, Frydenbø Invest, Hareid Elektriske og Gjerde Invest.

Publisert: 29.07.2015 08:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45