Knallraude tal for simulatorsenter
SIMULERING: Fosnavåg Ocean Academy gjekk med 13 millionar kroner i tap i fjor.
Nytt

Knallraude tal for simulatorsenter

Fosnavåg Ocean Academy set no sin lit til meir oppdrag frå oppdretts- og havbruksbransjen.

06.11.2018
- Senteret satsa på offshore, men vi fekk nedturen midt i fleisen, og har no så godt som null inntekter frå offshore.
Det seier dagleg leiar Håvard Stave ved Fosnavåg Ocean Academy (FOSAC).
Siumulatorsenteret hadde berre 593.000 kroner i inntekter i fjor.
- Det var eit dårleg fjorår. Det ser ikkje mykje betre ut i år, og det ser også krevjande ut for 2019, seier Stave.

Oppdrett og havbruk

I påvente av at offshorebransjen skal kome tilbake, med tilhøyrande behov for kursing, vert det satsa på oppdrett og havbruk.
Blant anna har ein saman med Sølvtrans utvikla brønnbåtsimulering, og ein arbeider med eit visningssenter for akvakultur.
- Vi har fleire spennande prosjekt på gang, men det vil ta litt tid før det viser att på innteninga, seier Stave.
På grunn av den krevjande situasjonen, har styret skrive ned verdien av maskiner, utstyr og simulatorpark til null.
Eigenkapitalen er på minus 3,9 millionar kroner, og selskapet er dermed i brot med lånevilkåra.

Bank-avtale

Men 25. oktober vart det gjort avtale med långivarane med ein frist ut neste år til å få orden på økonomien.
Vilkåret er at aksjonærane i mellomtida tilfører nok likviditet til å handtere løpande krav.
FOSAC vart etablert i 2011, og er eigd like mykje av Olympic Shipping, Remøy Shipping, Havila Shipping og Sølvtrans.

Publisert: 06.11.2018 05:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27