Kleven tillitsvalt Han verkar som ein paaliteleg kar
HAR TRUA: Tillitsvalt Olav Høydalsvik trur Kjetil Bollestad er rett mann til å leie Kleven.
Nytt

Kleven-tillitsvalt: – Han verkar som ein påliteleg kar

Olav Høydalsvik trur på den nye Kleven-direktøren, men seier det har vore reaksjonar på tidlegare direktørskifte.

Marius Rosbach
20.09.2019
Fredag vart det kjent at Kjetil Bollestad er . 51-åringen vart henta inn som produksjonsdirektør av avtroppande Kleven-direktør Olav Nakken i desember fjor, og tek over stillinga til Nakken frå måndag.

– Dyktig og lyttande

Tillitsvalt Olav Høydalsvik i Fellesforbundet på Kleven er nyleg tilbake i styret, og har slik sett vore kjent med avgjerda ei tid.
– Eg trur mange har anteke at det var Bollestad som ville komme inn. Han verkar vere ein påliteleg kar, så det trur eg går bra. Eg har opplevd han som dyktig og lyttande, seier han.
Kleven Verft har nyleg oppretta eit eige dotterselskap, «Nye Kleven», for å

Les også:



– Fått til bra ting

Bollestad skal leie det nye selskapet, medan avtroppande direktør Olav Nakken skal jobbe saman med styret om forretningsutvikling.
Høydalsvik påpeiker at den nye Kleven-sjefen har variert bakgrunn, men at han også har vore verftsdirektør i Florø tidlegare.
– Bollestad har vore inne i styrt produksjonen i det siste og eg meiner han har fått til bra ting, seier han.

Reaksjonar på Sævik-avgang

Veteranen meiner Bollestad difor er eit godt val for å få Kleven på rett kjøl. Han har heller ikkje noko vondt å seie om perioden med Nakken som verftsdirektør.
– Han har fungert godt som sjef etter mitt syn, seier Høydalsvik.
Med den siste tilsettinga har verftet fått inn sin tredje nye toppsjef på 20 månader. Høydalsvik innrømm at det kom nokre reaksjonar då Karsten Sævik forsvann ut av sjefsstolen etter kort tid.
– Ja, det var mange som reagerte på at Sævik måtte gå så fort, seier han.

Les også:




Har jobba saman tidlegare

Kjetil Bollestad og Olav Nakken har jobba tett saman siste månadane, og det gjorde dei også tidlegare då Bollestad var verftsdirektør i Florø.
51-åringen kjem frå Sandnes, men er busett i Son sør for Oslo. Han har ein variert yrkesbakgrunn, som starta med flyteknisk utdanning frå forsvaret. Han jobba mange år i teknisk avdeling i SAS og var på skipsverftet i Florø i åra 2007-2011.
Han har også vore i Master Marine AS, og vart tilsett som COO med ansvar for drift og vedlikehald for ein jack-up rigg på Ekofisk-feltet sommaren 2011. Dei siste åra har Bollestad jobba som salsdirektør for Agility Subsea Fabrication og som kommersiell sjef for Institutt for Energiteknikk.

Publisert: 20.09.2019 14:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37