Kleven tal i september
SEPTEMBER: I løpet av september håpar Kleven-sjef Kjetil Bollestad (innfelt) å kunne legge fram planen som skal sikre vidare drift hos Kleven Verft.
Nytt

Kleven-tal i september

Først i september reknar Kleven Verft med å legge fram 2018-reknskapet. Då håpar selskapet at også restruktureringsplanen som skal gi grunnlag for vidare drift er klar.

08.08.2019
Det seier administerande direktør Kjetil Bollestad og finansdirektør Ola Beinnes Fosse.
Kleven Verft skal levere hurtigruteskipet Fridtjof Nansen på tampen av 2019, men etter det er det ingen oppdrag.
Kleven Verft-eigar Hurtigruten ASA, som har skote inn pengar i Kleven to gangar, vil selje seg ut og Kleven Verft lanserte i juli i år ein plan om å dele selskapet. Eit nytt selskap overtek anlegg og utstyr, og forpliktingane som er knytt til anlegget, medan andre forpliktingar blir liggande att.
– Ein ny eigar vil dermed ikkje vere eksponert for gamle forpliktingar, til dømes garantiar knytt til Maersk, eller hurtigruteskipa, sa dåverande Kleven-sjef Olav Nakken til NETT NO.

Ventar med tal

at leiinga i Kleven Verft heller vil betale dagbøter enn å levere reknskap innan fristen 31. juli.
Det stemmer at reknskapsrapporteringa er utsett i følgje Fosse. Grunnen er at utfallet av restruktureringarbeidet vil ha ein verknad på korleis 2018-tala vil sjå ut. Eit reknskap no vil måtte omarbeidast etter at restruktureringa er ferdig. Det dobbeltarbeidet vil selskapet spare seg og dagbøtene er uansett svært små, i følgje Beinnes Fosse.

Store tap

Hurtigruteskipa blei langt meir kostbare og krevande å bygge enn Kleven Verft først hadde sett for seg, og Beinnes Fosse legg ikkje skjul på at også 2018-tala vil vise eit stor underskot.
- Vi veit at tala vil vere dårlege, seier han.
Vi veit at tala vil vere dårlege

Publisert: 08.08.2019 14:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38