Kleven sjefen Lite sannsynleg med bygging
SER ETTER ALTERNATIV: Klevenkonsernet får eit hol i ordreboka etter tapet at cruise-kontrakten, men leitar etter alternativ bruk av arbeidsstokken for å unngå permitteringar.
Nytt

Kleven-sjefen: -Lite sannsynleg med bygging

For eit par veker sidan fekk Kleven-sjef Olav Tanberg den første meldinga om at tyske Lürssen ikkje ville ha bygd luksus-ekspedisjoncruiseskip i Ulsteinvik likevel. 

14.05.2018
Etter eit møte mellom Kleven og tyske Lürssen i førre veke seier Tanberg at han reknar det som "lite sannsynleg " at cruisefartyet blir bygd hos Kleven.

Då kontrakten blei offentleggjort i fjor haust var det glede på verftet.

No handlar det om å minimere skaden.

Kan bli rettsak

Tanberg ønskjer ikkje å kommentere kvifor Lürssen ikkje lenger vil at Kleven skal bygge det 100 meter lange cruisefartyet. Planen var å byggje skipet hos Kleven og utruste det ferdig i Tyskland.
Grunnen er mellom anna at saka kan hamne i retten, sjølv om Tanberg seier det mest realistiske og ønskjelege er å bli samde om ei avvikling av kontrakten gjennom ei minneleg ordning.

Tapt inntekt

Det er Lürssen som har avtalen med sluttkunden, Kleven har Lürssenverftet Blohm+Voss som kontraktsmotpart.
Det fysiske arbeidet skulle byrje hos Kleven i sommar og vare fram til årsskiftet 2019/2020. Den tapte kontrakten betyr at det blir eit hol ordreboka, men Tanberg seier Kleven i første omgang ser på alternativ bruk av arbeidsstokken for å forsøke å unngå permitteringar.
Så langt har Kleven lagt ned arbeid i prosjektering. Det går tapt om verftet ikkje får ein kompensasjon frå Lürssen. Tapt er og overskotet Kleven rekna med å sitte att med for arbeidet.
Kleven har allereie inngått kontraktar med underleverandørar, og handteringa av dei er eitt av punkta som må handterast i samtalane mellom Kleven og Lürssen, i følgje Tanberg.

Publisert: 14.05.2018 16:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22