Kleven og Ulstein samarbeider om arbeidskraft
KLEVEN: Dagleg leiar Magne Gurskevik i Kleven Maritime Contracting meiner at det er ein stor fordel for alle partar at Kleven Verft og Ulstein Verft kan hjelpe kvarandre med arbeidskraft ved behov.
Nytt

Kleven og Ulstein samarbeider om arbeidskraft

Det har ikkje skjedd på 20 år, men no har Kleven leigd ut arbeidarar til Ulstein Verft.

11.02.2019
- Dette er veldig positivt og ein fordel for begge partar.
Det seier dagleg leiar Magne Gurskevik i Kleven Maritime Contracting. Selskapet har 271 tilsette frå Polen og Romania, men ettersom det er ledig kapasitet på Kleven Verft har selskapet sett seg om etter andre oppdrag for deler av arbeidsstokken.
Og denne gongen slapp dei å reise lenger enn rett over Ulsteinvika til Ulstein Verft. Her er det rekordhøg aktivitet med ei rekkje store prosjekt som pågår samstundes.

Vinn-vinn

Akkurat no har Kleven Maritime Contracting leigd ut 19 stålarbeidarar til verftskonkurrenten.
- Ein vinn-vinn-situasjon. No er det Ulstein Verft som treng fleire arbeidarar. Ein annan gong kan det vere Kleven Verft, seier Gurskevik.
Han trur at det totale verftsmiljøet vert styrka gjennom utveksling av arbeidskraft.
- Dette er med på å oppretthalde kompetansen, og ein skal heller ikkje sjå vekk frå at våre tilsette har litt å lære på Ulstein – og omvendt.

Byggjer kompetanse

Organisasjons- og kommunikasjonsdirektør Lene Trude Solheim synst også det er strålande at dei to verfta kan samarbeide om arbeidskraft.
- Totalt er det rundt 30 frå Kleven Maritime Contracting som har vore innom portane her.
Ho meiner at begge verfta har fordelar av samarbeidet.
- Ja, det er god læring – begge vegar. I tillegg er dette med på å byggje kompetanse i regionen.

Godt tatt imot

Ho reknar med at dei Kleven-tilsette vert godt tatt imot på Ulstein.
- Ja, eg har i alle fall ikkje høyrt noko anna, og det skulle berre mangle, seier ho.
I tillegg til utleige til Ulstein Verft, opplyser Magne Gurskevik at Kleven Maritime Contracting også har leigd ut seks arbeidarar til ein underleverandør på Kleven, samt tilsette frå scanning- og ultralyd-avdelinga.
- Om vi ikkje hadde hatt bruk for dei sjølve, kunne vi leigd ut mange av snekkarane, for dei er svært ettertrakta, seier Gurskevik.

Det er god læring – begge vegar. I tillegg er dette med på å byggje kompetanse i regionen

Publisert: 11.02.2019 05:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31