Kleven namnet er historie paa Myklebust
GURSKEN: Inge-Jonny Hide og Myklebust Verft skiftar straks ut Kleven-namnet og lanserer ny logo for å reindyrke verftet som frittståande selskap.
Nytt

Kleven-namnet er historie på Myklebust

Myklebust Verft får ny logo og reindyrkar profilen som frittståande verft.

17.08.2018
- Vi er ikkje ein del av Kleven lenger, så det var naturleg for oss å få lage ein nt logo og eit nytt merkenamn.
Det seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide ved Myklebust Verft.
Den nye logoen er bygd over bokstavane M og V, som er henta frå Myklebust Verft.
"...og minner oss på det Menneskelege i møte med omverda, og å strebe etter å vere Verdifulle for samfunnet rundt oss," vert det forklart på den nye heimesida til verftet.
Men det vert også vist til at ikonet kan ha mange andre tolkingar, og mellom anna vise straumvirvlane i vatnet etter eit fartøy som vitnar om fart.

Ny logo på dokka

Inge-Jonny Hide seier at også den store dokka ved verftet skal få påmåla Myklebust om kort tid. Her lyser det i dag Kleven frå dokka.
- Vi har vore ein del av Kleven i 17 år. No skal vi stå på eigne bein, seier Hide.
Myklebust Verft er skilt ut som eit eige selskap etter at Hurtigruten-aksjonærane tok over eigarskapen i Kleven Verft.
Det er aksjonærane i Kleven Maritime Holding som eig Myklebust Verft. Mellom dei aksjonærane er også Petter Stordalen og dei øvrige aksjonærane i Hurtigruten.

Vi har vore ein del av Kleven i 17 år. No skal vi stå på eigne bein

Publisert: 17.08.2018 12:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25