Kleven mellom to permar
BOK: Tidlegare Sunmørsposten-journalist Torill Myren har laga boka Bit for bit, båt for båt,  om Kleven saman med fotograf Olav Thokle og formgjevar Therese Myrene Aurvåg.
Nytt

Kleven mellom to permar

Ei heimelaga sikring vart henta frå verftet og stilt ut på kraftlaget til skrekk og advarsel i minst ti år.

11.06.2015
Historia om sikringa er ei av fleire forfattar Torill Myren har samla i boka "Bit for bit, båt for båt", ei historie om Klevenkonsernet, som kjem ut samstundes som dotterselskapet Myklebust Verft er 100 år.
Slike historier er viktig, meiner Myren.
- Det har med humor og samhald å gjere, og så fortel det om løysningsorienterte medarbeidarar, seier ho.

Set standard

Myren har henta fram ein del av dei gamle vandrehistoriene i eit eige avsnitt om humoren og historiene som en ein del av limet i bedriftene.
Det handlar om kallenamnet "Tåkeheimen" om administrasjonbygget og "Kongssætra" der formennene heldt hus, til historia om den heimelaga sikringa som vart laga i ei tid med eit litt anna syn på HMS (helse-, miljø- og sikkerheit) enn i dag, og løyste eit problem sikringar som stadig gjekk under sveising.
- Dei set ein standard, seier Myren.

Første bok

Både Kleven og Myklebust Verft (tidlegare Myklebust Mek. Verksted) har gitt ut jubileumsbøker før, men ikkje etter at selskap var samla i Kleven-konsernet i 2001. No kjem boka, i samband med at det er 100 år sidan verftet i Gursken i Sande vart etablert.
- Det er for å markere 100 årsjubileet. Det er ei gåve til alle tilsette, til skular og institusjonar i lokamiljøet vår, seir kommunikasjonsjef Ellen Kvalsund i Kleven.
Målet var å gi eit bilete av dagens konsern, i eit såkalla coffetable-format, ei bok med mange små historier, som kan takast fram og bladast i mange gangar.
- Vi ønskt det skulle vere ei bok som kunne leve, seier Kvalsund.

Lagt vekt på form og foto

Myren har laga boka i samarbeid med fotograf Olav Thokle og formgjevar Therese Myrene Aurvåg. Boka er truykt i 2000 eksemplar, og blir delt ut når dei tilsette i heile konsernet samlast til markering og opa dokk på Myklebust Verft laurdag.
- Det har vore eit veldig godt samarbeid, seier Myren.
Boka skal og trykkast i ei engelsk utgåve, og ein del av artiklane i boka blir og gitt ut på polsk og rumensk.


Publisert: 11.06.2015 14:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44