Kleven kontrakt kansellert
KVEN VIL HA DENNE?:  Forsyningsskipet Kleven overtok frå Havyard i mars, blei verftet sitt fyrste innan offshoresegmentet sidan AHTS-serien for Maersk i oktober 2014. No vil reiarlaget ikkje lenger ha båten og Kleven Verft må eventuelt finne eit anna reiarlag som vil betale for å gjere den ferdig.
Nytt

Kleven-kontrakt kansellert

Atlantic Towing Shipping har kansellert kontrakten om bygging av forsyningsskip ved Kleven.

14.07.2020
Skipet er eitt av to skip som var under bygging ved Kleven Verft då verft gjekk konkurs fredag 3.juli.
Etter konkursen er kontrakten for forsyningsskipet kansellert. Det stadfestar Kjetil Bollestad, som er tilbake som Kleven-sjef etter at Green Yard tok over.
Han vil ikkje kommentere kor mykje verftet har fått betalt for jobben som er gjort med forsyningskipet.

Viktig med arbeid

Å halde arbeidet i gang på begge skipa Kleven Verft hadde under bygging og ombygging var viktig for sjansen for å sikre vidare drift på verftet, understreka bustyrar Bjørn Hamre straks etter at han blei utnemd.
Bollestad vil ikkje kommenter kva det eventuelt har hatt å betyr for andre interessentar til verftet at forsyningsskipskontrakten er kansellert.

Klart i 2016

Skipet ligg no til kai ved Kleven for utrustning skulle etter siste oppdaterte plan skal vere leveringsklart til hausten. Men opphaveleg skulle skipet vore i arbeid allereie våren 2016.
Skipet vart bestilt i 2014 av Fafnir Offshore, men avtalen vart utsett fleire gongar, før Fafnir trekte seg i januar 2017. Etterpå overtok det kanadiske reiarlaget Atlantic Towing Shipping kontrakten på skipet, men det blei igjen store forseinkingar ved Havyard-verftet i Leirvik i Sogn.
I mars blei det kjent at Kleven overtok skrog- og skipsbyggingskontrakt til Kleven, som i tillegg inngjekk ny kontrakt med reiarlaget.

Publisert: 14.07.2020 09:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59