Kleven konkurs gav ledigheitshopp
KLEVEN: Klubbleiar Olav Høydalsvik i Fellesforbundet på Kleven måtte sjå at 200 miste jobben under konkursen på Kleven. Det gav ledigheitshopp i Ulstein, Hareid og Herøy. Måndag startar prosessen med tilsetjingar i Green Yard Kleven.
Nytt

Kleven-konkurs gav ledigheitshopp

Ledigheitstala går ned i nordvest, men i Ulstein, Hareid og Herøy vart det eit kraftig hopp etter at 200 miste jobben då Kleven Verft gjekk konkurs.

31.07.2020
I Ulstein er det no 336 heilt ledige. Det utgjer 7,3 prosent av arbeidsstyrken, og er 62 fleire enn månaden før.
I Hareid er 204 heilt ledige, noko som utgjer 7,8 prosent, medan 312 er heilt ledige i Herøy, som er 6,8 prosent av arbeidsstyrken.
Dette viser juli-tala for NAV Møre og Romsdal.

Nytilsetjingar frå måndag

Totalt var det 200 tilsette på Kleven som miste jobben under konkursen. Av desse er 40 med utanlandsk statsborgarskap.
Desse 200 kjem i tillegg til dei 250 tilsette i tidlegare Kleven Maritime Contracting, som er overtatt av Langset i Molde. Dette er tilsette som kjem frå Romania og Polen.
Måndag startar prosessen med tilsetjingar i det nye selskapet Green Yard Kleven, og då vert det klart kor mange av dei 200 som igjen vert tilsett.

Kanada-løysing

Mykje avgjer om det raskt kjem ein ny kontrakt på ferdiggjering av ein PSV, som ligg ved verftet. Etter det NETT NO kjenner til går det mot ein fornya avtale med kanadiske Atlantic Towing, det same selskapet som kansellerte den forrige kontrakten.

Også på fylkesbasis har talet på heilt ledige gått litt opp med 239 personar.
Det er no 5.878 heilt arbeidsledige i fylket. Målt i prosent av arbeidsstyrken er andelen auka frå 4,1 prosent til 4,2 posent.

1.630 heilt ledige i Ålesund

På Sunnmøre er andelen 4,4 prosent, med totalt 3.431 heilt ledige.
Ålesund har flest i tal med 1.630 heilt ledige, noko som utgjer 4,5 prosent av arbeidsstyrken.
Best er situasjonen i Fjord kommune, med berre 27 heilt ledige, noko som utgjer 2,0 prosent.

Bra i Stryn

I Nordfjord er det Stryn som kjem best ut, med 98 heilt ledige. Det utgjer 2,5 prosent av arbeidsstyrken.
Stad har 161 heilt ledige (3,2 prosent), medan Kinn har 371 (4,1 prosent).
Når det gjeld talet på delvis ledige, held dette talet med å dale begge fylka.

Best i Fjord

Nedgangen er på 2.108 i Møre og Romsdal, og antal delvis ledige er no 3.990 personar i fylket.
Ålesund har flest med 1.095, noko som utgjer 3,0 prosent av arbeidsstyrken.
Også her kjem Fjord best ut på Sunnmøre, med 22 delvis ledige, noko som utgjer 1,6 prosent.

Høge tal på landsbasis

På landsabasis var det ved utgangen av juli er det registrert 232.700 heilt ledige, delvis ledige og arbeidssøkjarar på tiltak hos Nav. Det utgjer 8,2 prosent av arbeidsstyrken.
139.800 personar var registrerte som heilt ledige ved utgangen av juli, noko som utgjer 4,9 prosent av arbeidsstyrken. Bruttoarbeidsløysa, som er summen av talet på heilt ledige og arbeidssøkjarar på tiltak, var på 149.400 personar, eller 5,3 prosent av arbeidsstyrken.
I tillegg var 83.400 personar registrerte som delvis ledige.

Publisert: 31.07.2020 10:37

Sist oppdatert: 02.07.2021 18:04