Kleven jaktar offshorekontrakt
HURTIGRUTEN: Rune Andreassen (t. v.), som leier arbeidet for Hurtigruten på Kleven saman med verftsdirektør Olav Nakken etter sjøsetjinga av Friftjof Nansen. Andreassen vert sjølv kaptein om bord i Fridtjof Nansen.
Nytt

Kleven jaktar offshorekontrakt

Kleven-direktør Olav Nakken har god tru på at verftet snart kan lande nye offshorekontraktar, anten ein ny ankerhandterar eller eit offshore vind-fartøy.

10.12.2018
- Vi ser på fleire spennande prosjekt, og har god tru på at vi snart kan lande eitt.
Nakken seier at det er viktig at verftet ikkje berre tenker skipsbygging for eigaren Hurtigruten.
- Hovedfokus akkurat no er dei tre skipa vi i første omgang skal byggje for Hurtigruten, men vi treng også å inngå andre kontraktar.
Spesielt er det viktig med meir arbeid for stålavdelinga.

Utleige til Ulstein

Nakken seier at det er sett i verk fleire tiltak for å halde dei tilsette i sving.
- Blant anna har vi leigd ut tilsette til Ulstein og til andre aktørar.
- Dette gjer vi ikkje for å tene pengar, men for å sikre oss at vi får behalde dei tilsette og kompetansen på Kleven.
Nakken seier at ein er godt i rute med ferdigstillinga av ekspedisjonscruiseskipet Roald Amiundsen, som 17. mai neste år skal leggje ut på jomfrutur frå Lisboa.
Det er stor interesse for å reise med dette hybridskipet, og dei første turane er alt utselde.

- Ferdige i tide

Nakken lovar at det ikkje vert nye utsetjingar.
- Nei, vi skal vere ferdige i god tid før fristen. Det er også viktig slik at Hurtigruten får gjennomføre testprogrammet.
Han opplyser at rundt 450 personar er no i sving for å ferdiggjere Roald Amundsen, der mange er innleigde.
- Torsdag kjem det eit førtitals pressefolk om bord, og ein vil då sjå at vi har kome langt med ferdiggjeringa.

Rosar arbeidet

Rune Andreassen frå Svolvær er leiar for Hurtigruten-staben på 12 mann som er i sving på Kleven.
Andreassen seier at det ser bra ut, og rosar arbeidet som er utført på Kleven.
Han har sjølv bak seg 32 år i Hurtigruten, mykje av tida som kaptein, og skal sjølv vere kaptein på Friftjof Nansen.
- Fantastisk flotte båtar. Dette er noko eg verkeleg ser fram til, seier Andreassen.

15 av 151 norske

Han opplyser at ein er godt i gang med å fylle opp med mannskap på Roald Amundsen.
- På det meste vert vi eit mannskap på 151, der rundt 15 vert norske.
Han seier at mannskapet vil kome frå svært mange nasjonar.
- Dette vert som å vere om bord i eit cruiseskip, seier han.
Blant anna har vi leigd ut tilsette til Ulstein og til andre aktørar

Publisert: 10.12.2018 05:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:29