Kleven jaktar meir staalarbeid
STÅL: Kleven Verft har kome lang i stålarbeidet til ekspedisjonscruiseskipet Fridtjof Nansen. Mykje av arbeidet skjer på verftet, som no jaktar meir stålarbeid for å unngå permitteringar.
Nytt

Kleven jaktar meir stålarbeid

Kleven Verft er truleg ute av kampen om å byggje de Beers sitt nye diamantleiteskip, men kan no få oppdrag å byggje store stålkonstruksjonar.

14.07.2018
- Ja, vi treng meir stålarbeid fort dersom vi skal unngå permitteringar i stålavdelinga.
- Vi har godt håp om at vi kan få oppdrag med å byggje stålkonstruksjonar innanfor andre segment enn skipsbygging.

Ser på brubygging

Det seier konsernsjef Karsten Sævik ved Kleven Verft.
Han vil ikkje opplyse om kva slags segment det er snakk om.
- Nei, men tidlegare har det blant anna vore snakka mykje om at verftet kunne byggje stålkonstruksjonar i samband med brubygging. Dette ser vi framleis på som interessant.

Maersk-avklaring

Kleven Verft har no gjort avtale med danske Maersk om at levering av dei to siste av totalt seks ankerhandterarar skal skje i oktober i år og i januar neste år.
- Desse prosjekta har vi god kontroll på, seier Sævik.
Men etter at tyske Lürssen kansellerte kontrakten på bygging av eit ekspedisjonscruiseskip, har det minka med stålarbeid på verftet.

De Beers ser på andre verft

Det vert truleg heller ikkje noko av intensjonsavtalen verftet har med namibiske de Beers om å byggje eit 175 meter langt Marin Teknikk-teikna diamantleiteskip.
I 2016 leverte Kleven Verft det 113 meter lange diamantleiteskipet SS Nukoma til de Beers, eit skip som kosta 1,3 milliardar kroner.
I november i fjor vart det skrive intensjonsavtale om bygging av endå eit skip, men då mykje større og dyrare enn det første.
No vert det truleg ikkje noko av dette storprosjektet ved Kleven Verft.
Etter det NETT NO kjenner til er de Beers no ute og sjekkar pris med ei rekkje verft, inkludert Kleven.
- Det er eit stort og krevjande prosjekt, og vi vil vurdere om vi skal tilby bygging av dette skipet, seier Sævik.
Vi treng meir stålarbeid fort dersom vi skal unngå permitteringar i stålavdelinga

Publisert: 14.07.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:24