Kleven-familien under 20 prosent
Kleven-familien eig under 20 prosent i konsernet etter refinansieringa.
Familieselskapet John Kleven as eig til saman 16,6 prosent i Kleven-konsernet etter refinansieringa viser ei oversikt frå selskapet. I tillegg eig selskapet storparten av ein aksjepost på tre prosent, som er alt dei tidlegare eigarane har att etter refinansieringa.
Gjennom selskapet InYard Invest er Åge Remøy og Magnus Roth som er største einskildaksjonær, med ein aksjepost på 19 prosent.
Største aksjonærgruppering er alliansen Silk Bidco (15,9 prosent), Strawberry Capital (7,9 prosent) og det britiske investeringsfondet TDR (15,9 prosent) som alle og er på eigarsida i Hurtigruten. Silk Bidco er selskapet som eig Hurtigruten, der TDR er største aksjonær og Petter Stordalen, Trygve Hegnar og leiinga er medeigarar.
Dei to andre aksjonærane er det tyske verftskonsernet Lürssen (11,1 prosent) og investeringsselskapet Cortex (6,3 prosent) i Asker. Cortex er eigd av Per Audun Lillebø.
Ny styreleiar
Kjersti Kleven går av som styreleiar, men held fram i styret.
Ny styreleiar er Leif Teksum, som fram til 2014 var ein av toppsjefane i DNB.
Med i det nye styret er og Henrik A. Christensen, Arild Myrvoll, Anne Kjølseth Ekerholt og Ole-Christian Sandvold. Åge Remøy er vararepresentant
Siste artikler
Doblar drivstoff-kostnadene
Regjeringa vil doble drivstoff-kostnadene for fiskeflåten, men det står det ingenting om i klimaplanen regjeringa nettopp har sendt ut.
Kom med jobb til 500 arbeidarar
Det tredje cruiseskipet til tysk storkonsern er kome til Vard-verft for utrusting.
Seismikkselskap kjempar for livet
Det skulle vere eit eventyr, men for mange aksjonærar på Sunnmøre har det vorte eit mareritt. No kjempar Axxis Geo Solutions for å unngå forlis.
Store planer på Raudeberg
Agnar Lyng vil bygge både lakseslakteri og foredlingsanlegg på Raudeberg, skriver Måløy24.