Kleven avklaring trekkjer ut
KLEVEN-EIGAR: Tomislav Debeljak er venta å møte pressa fredag føremiddag.
Nytt

Kleven-avklaring trekkjer ut

Dei Kleven-tilsette i allmøte og eigaren møter pressa om verftet.

Marius Rosbach
03.07.2020
Kleven-eigar og Div Group-sjef Tomislav Debeljak er venta å møte pressa i føremiddag for å svare på spørsmål om korleis det går med forhandlingane om verftet. Ved 10-tida var dei tilsette ved verftet samla til allmøte.

SISTE:


Debeljak stiller til intervju ved 10.30-tida, opplyser Div Group sin pressetalsmann i Norge, Johan Wilskow, i ein e-post tidleg fredag.
Det er ikkje kome nye opplysningar om den fastlåste situasjonen frå verftseigaren eller Kleven Verft dei siste to dagane. Både onsdag og torsdag var det møteverksemd på verftet, men ingen av aktørane har hatt noko nytt å fortelje.
(saka held fram under)

Siste:



Nordnes-reiarlaget bygger på Kleven:



Avklaring?

Det blir ikkje opplyst kva informasjon Debeljak har å kome med fredag - eller om det er kome ei avklaring om framtida til verftet.
Ifølgje tillitsvalt Olav Høydalsvik i Fellesforbundet kom det ikkje fram noko nytt då styret møttest torsdag ettermiddag. Det var planlagt nye møter fredag.
Den kroatiske eigaren har gitt uttrykk for at han vil , men at konkurs også er eit alternativ dei må vurdere. Den opphavelege fristen var sett til onsdag, men Debeljak opna for at , då han møtte pressa tysdag.
Samtidig har drygt 200 verftsarbeidarar som er tilsett i Kleven Maritime Contracting (KMC), frå selskapet.

Fastlåst situasjon

Situasjonen for verftet har vore fastlåst etter at fleire långjevarar terminerte sine avtalar, og kontoane til Kleven Verft og dotterselskapa blei frosne.
Debeljak har peika på avtalen med Sparebank 1 SMN som gjeld eit offshoreskip under bygging, som ei «heit potet» i forhandlingane. Sparebank 1 SMN har førebels ikkje kommentert saka til NETT NO.
Det er også fleire partar rundt bordet i forhandlingane om Kleven. I si melding til kundar, samarbeidspartnarar og kreditorar førre fredag, opplyste Div Group-sjefen at med verftet.

Nordea og Innovasjon Norge med størst pant

NETT NO har som er den direkte årsaka til at Kleven-eigaren og bankane rauk uklare.
Det eine lånet er knytt til finansieringa av det omtala offshoreskipet. Det andre gjeld langtidsfinansiering av verftet. Her sitt om verftet går konkurs, med pant i alt frå driftstilbehøyr og eigedom ved Kleven. Som pantesikra kreditorar står dei først i løypa for å få innfridd sine krav ved ein eventuell konkurs.
NETT NO jobbar for å få inn nye eigarar i verftet.
Ingen av dei andre bankane, Innovasjon Norge eller GIEK har så langt ønska å kommentere saka til NETT NO.

Les også:



Klubbleiar:








Tillitsvalt:



Verftsdirektøren:




Publisert: 03.07.2020 10:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59