Klekkjer ut nye arbeidsplassar
STORE PÅ EGG: Fire av dei seks bøndene som har samlokalisert hønseria sine på eit industriområde på Rovde; Sigurd Asklund, Hallvard Hånes, Sigurd Rovde og Ivar Flusund. Dagsproduksjonen er på 45.000 egg.
Nytt

Klekkjer ut nye arbeidsplassar

Miljøet rundt eit maskinlag og hønseri på Rovde  står sentralt i gjenopninga av møbelfabrikken i bygda, etablering av byggeselskap, avløysarjobbar, jordbruksatsing og eit it-selskap med eksportplanar.

10.02.2019
Nokre få hundre meter unna hovedvegen gjennom Rovde, ute av syne for forbipasserande i bil eller buss, ligg seks store hønseri vegg i vegg. 45.000 egg vert klekt ut her kvar dag.
Ein gong i veka køyrer ein lastebil med hengar frå hønseria, fullasta med egg. Årleg har hønseria ei samla driftsinntekt på 15-18 millionar kroner, og i tillegg til eigarane sjølve er dei arbeidsplassen til to avløysarar.
Inne i eitt av hønseria er Kari Einbu Vedeld i gang med pakking av siste døgns eggproduksjon.
Kvart hønseri har sin eigar og blir drivne som sjølvstendige verksemder, men samlokaliseringa gir eit ekstra pluss.
- Det er kjekt i lag, seier Einbu Vedeld.

Investerte 18 millionar

I fjor kom hønseri nummer seks på plass. Samstundes la dei fem første hønseria om til anlegg for frittgåande høner og installerte pakkeanlegg som fjerna tunge løft.
Til saman utgjorde det ei investering på 18 millionar kroner.

Ti arbeidsplassar

Fleire av familiane som eig høsneri er også blant aksjonærane i eigedomsselskapet Vedeld Eigedom og driftselskapet Rovde Møbel og Design, som i 2016 tok over bygg og utstyr etter det som starta som Rovde Møbelfabrikk i 1939, og fekk ny drift i fabrikken.
No er det til saman ti heil- og deltidsarbeidsplassar på fabrikken, fortel Sondre Raudøy. Han lagar 3D-teikningar og operer fresen som skjer ut platene.
Storparten av platene blir til skipsinnreiing, som er møbelfabrikken sitt spesialfelt. Då drifta kom i gang at sto den mangeårige kunden Larsnes Mek. Verksted klar, og sidan har kundekrinsen blitt utvida. Rundt 2008-2010 var mykje av produksjonen av skipsinnreiingar flytta til utlandet. No ser verfta meir mot norske bedrifter att, seier Jonny Lade, som arbeider med sal og marknadsføring i Rovde Møbel og Design.
Til og med ei eksportkontrakt er det blitt.
Når tyrkiske Tersan skal byggjer for Atlantic Longline på Godøya er det fabrikken i Rovde som skal levere innreinga.

Raudøy kom til til fabrikken i 2017 etter å ha fullførte maskinteknisk utdanning i Ålesund. No pendlar han dei ti minutta frå heimbygda Lauvstad og bur til liks med resten av arbeidsstokken i lokalområdet til fabrikken.

Delte på okse

Utgangspunktet for alt er eit langvarig samarbeid mellom bøndene på Rovde. Det starta med eit samarbeid om avlsokse, som utvikla seg til eit reiskapslag for deling av utstyr.
- Reiskapslaget vart formalisert tidleg på 90-talet. Etter at vi hadde gjort det vart samarbeidet utvida. Eg trur Rovde er ei lita bygd med bønder som har vore flinke til å samarbeide og som har passa godt i lag, seier Paul Sindre Vedeld.
Han og ektefellen Kari Einbu Vedeld er i ferd med å skøyte garden over på neste generasjon, men Vedeld har nok å halde på med.

Avløysarar og snikkarar

Inne i eitt av hønseria er Rita Noreikiene i full sving med reingjeringa etter at heile bestanden er slakta ut. Ho og ektefellen er tilsette i avløysarselskapet Store Rovde.

Avløysarselskapet hadde og ein snikkar, men byggeverksemda balla på seg og er no skilt ut i eit eige aksjeselskap, Rovde Bygg, med fire på heiltid og ei halvdagstilling.
Vedeld er dagleg leiar i både Store Rovde og Rovde Bygg, i tillegg til Vanylven Taxi.

Pilotkundar i Canada

Det er blitt færre bønder på Rovde, men jordbruksproduksjonen har ikkje gått ned. Dei som er att driv større, delvis med leigejord.
Ein av dei største er ektefellane Runhild Hånes Aksnes og Jan Øystein Aksnes. Han kom inn i ekteskapet med eigen gard i Dalsfjorden, og dei to pendlar i dag mellom to heimar og gardar, på Rovde (mjølk- og kjøtproduksjon) og i Dalsfjorden (sau og hytteutleige). Nyleg kjøpte dei ein gard til på Rovde, og samla har dei investert rundt ti millionar kroner i gardsdrift dei siste åra.
Jan Øystein Aksnes er og dagleg leiar og medeigar i Agrilogg, eit selskap som lagar rapportering og loggføringssystem for bønder. Ideen kom då Aksnes kom til at han årleg må sende inn svar til styresmaktene på rundt 2000 spørsmål om gardsdrifta.
Kvifor ikkje forenkle arbeider med registrering og rapportering ved å legge opplysningane inn etterkvart, gjennom ein app på telefonen som Agrilogg leverer som ein abonnementsteneste? Med på kjøpet får kundane betre oversikt over eiga gardsdrift, og i anonymisert form gir innsamla data grunnlag for analyser at fleire gardsbruk.
Saman med kompanjongen Bjørn Tore Aksnes, som sit med it-kompetansen, kom Agrilogg til semifinalen i nyskapingskonkurransen Næringsteft.
Selskapet er alt i gang med å sjå ut i verda, og skal i løpet av året teste ut ein canadisk versjon av Agrilogg-appen.

Publisert: 10.02.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31