Klarsignal for helse senter
RUNDT HJØRNET: Bjørge Biomarin-sjef Tormod Thomsen (i midten) satsar på at marine protein og petridprodukt skal bli blir den nye vekstmarknaden for biomarine bedrifter. Bileter er frå ein konferanse klyngeorganisasjonen Blue Legasea arrangerte i fjor, med Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit som gjestar. 
Nytt

Klarsignal for helse-senter

Blue Legasea har fått klarsignal for å etablere nasjonalt senter for dokumentasjon av effekten av marine ingrediensar.

18.09.2017
Ei årleg løyving på ein halv million kroner i tre år frå Sparebanken Møre, kombinert med rundt 200.000 kroner i støtte frå 22 industribedrifter gjer at Blue Legasea har fått det som skal til for å gjere planar om til handling.
Sparebanken Møre har tidlegare sagt at dei ville vere med å betale dersom også industrien stilte opp. Det vilkåret er no oppfylt i følgje dagleg leiar Wenche Uksnøy i Blue Legasea.

Blue Legasea er ein klyngeorganisasjon for biomarine bedrifter, som vidareforedlar fiskeavskjær, fiskemjøl og -olje. Tyngdepunktet for denne industrien er på Sunnmøre og Blue Legasea har kontor i Ålesund. Organisasjonen har 35 medlemar.
Blue Legasea går no ut og søkjer etter ein person som skal bygge opp ein database over forskinga på effekten av marine ingrediensar, og spesielt helseeffektar.

Nasjonalt senter

Målet er å utvidet satsinga til eit nasjonalt senter for dokumentasjon og erfaringsutveksling, seier dagleg leiar Wenche Uksnøy i Blue Legasea.
Onsdag skal ho presentere status i satsinga på bransjens Fou-seminar i Ålesund. Sjølv om startsignalet er gått har ikkje Blue Legasea avslutta arbeidet med å finansiere satsinga. Målet er å reise så mykje pengar at den som blir tilsett kan jobbe på heiltid, i tillegg til at der er midlar til å dekkje andre driftskostnadar.

Helse Møre og Romsdal er partnar

Helse Møre og Romsdal har slutta seg til Blue Legasea-klyngesamarbeidet, spesielt for å arbeid med forsking på helseeffektar av marine ingrediensar.
- Kosttilskudd kan være så mangt og i ulike former, frå kapslar, til tablettar og flytande oljer. Dersom det skal tydeleg dokumenterast at produkt har positive helseeffektar, må dette visast gjennom kliniske studiar i eit forskningsopplegg. Helseforetaket kan bidra med klinisk utprøving i pasientpopulasjonar for å studere produkt, sa PhD. Dag Arne Lihaug Hoff ved Helse Møre og Romsdal til NETT NO i januar i år.

Publisert: 18.09.2017 15:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:14