Klarer aa handtere gjelda i gamle Rem
SOLSTAD: Offshore konstruksjonsskipet Rem Pioneer heiter no Normand Jarstein og er ein del av Solstad-flåten.
Nytt

Klarer å handtere gjelda i gamle Rem

Tidlegare Rem Offshore går med tap, men for denne delen av konsernet klarer Solstad å handtere gjelda utan bistand frå kreditorane. 

19.01.2019
Solstad har presentert tala for andre og tredje kvartal 2018 for Solship Invest 1, som er tidlegare Rem Offshore.
I dette selskapet ligg det 13 skip som var ein del av Rem Offshore då Solstad overtok Herøy-selskapet på slutten av 2016.
Offshoregiganten med hovudbase på Skudenes slit med å handtere den samla gjelda på rundt 30 milliardar kroner, men har no fått hjelp med kreditorane om å sleppe å betale renter og avdrag fram til 20. desember neste år.
Men planen gjeld så langt ikkje Solship Invest1.

I pluss på drifta

I årets ni første månader i fjor segla den gamle Rem-flåten inn 400,4 millionar kroner, og det operasjonelle resultatet var på 90,4 millionar.
Avskrivningane var på 61,9 millionar og driftsresultatet på 28,4 millionar kroner.

Gjeld på 3,6 milliardar

Selskapet har ei samla gjeld på 3,6 milliardar kroner, og ifølgje siste kvartalsrapporten var det fram til oktober i fjor betalt renter på 119 millionar kroner.
Ordinært resultat før skatt var etter ni månader på minus 90,7 millionar kroner.
Kontantbehaldninga var 1. oktober i fjor på 272,6 millionar kroner. Ved årsskiftet hadde selskapet 437,7 millionar i kontantar.

Publisert: 19.01.2019 05:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30