Klare for neste steg med vindskip
VINDSKIPET: Eit trimaranskrog gjer sitt til at skipet får stabilitet og svært lite behov for ballast. Vinden skal draga skipet framover, så godt som uavhengig av vindretning. 
Nytt

Klare for neste steg med vindskip

Fleire lokale selskap med på nytt konsept utvikla av ålesundar. Vil bygge ny type vindskip for storstilt frakt av bilar på verdshava.

Marius Rosbach
23.05.2019
Skipskonseptet Vindskip er i dialog om fleire ulike moglegheiter for å realisere det første fartøyet. Skipet vil mellom anna få utstyr frå Gjerdsvika-bedrifta Stadt AS, Brunvoll Volda og ålesundsfirmaet Furuno. Også Høglund Marine Automasjon er inne i prosjektet.
Vindskipet og det har vore stor interesse i Tyskland kring konseptet utvikla av ålesundaren Terje Lade.
Les meir:

Skal segle autonomt

– Alt dreier seg i hovudsak om å få ned forbruket av drivstoff. Vi får ikkje verdas skip til å skifte frå tungolje til LNG om vi ikkje får til det, seier Terje Lade til NETT NO.
Lade fortel at vindskipkonseptet enkelt sagt består av tre delar:
– Eit vindkraftsystem som driv skipet fram i sjøen, eit system for cruisekontroll som held konstant fart på skipet sjølv om vinden varierer og ein modul som gjer at skipet autonomt kan følgje den beste ruta i høve til ver og bølgjer, forklarar Lade til NETT NO.
Teknologien som gjer at skipet kan segle autonomt «etter veret» er utvikla av Furuno i Ålesund.

Hybrid-elektrisk framdrift

No er det klart at skipa får hydrid-elektrisk framdrift som skal drive propellen som eit supplement til vindkrafta.

– Det dreier seg om eit samarbeid om eit LNG-framdriftsmaskineri, der Brunvoll er leverandør av propellar og heile elpakkestyringa kjem frå Stadt, seier Lade til NETT NO.
Lade forklarar at framdriftsløysinga der ein sper på med energi frå ein elmotor, gjer at ein kan ha ein mykje mindre hovudmotor. Samstundes kan energi takast ut til bruk om bord på skipa.
Les også:


– Nøkkelen til suksess

Konseptet er enkelt sagt eit seglskip utan segl, som nyttar vind som supplement til LNG-driven motorkraft. Metoden er inspirert av flyvitskapen der eit undertrykk på eine sida gjer at skipet vert drive framover.
Transport av bilar på tvers av Atlanterhavet er mellom dei mest aktuelle bruksområda.
– Nøkkelen til suksess ligg hos dei som til dømes skal frakta elbilar på ein mest mogleg miljøvennleg måte. Dei vil vite to ting: Utslepp per bil per tusen kilometer og kva det kostar, seier Terje Lade.
Han meiner Vindskip har ei løysing som gir konkurransedyktig pris og låge utslepp og har tru på at dei vil sikre seg kapital eller samarbeidspartnarar som realisere konseptet.

I dialog med stor bilprodusent

Lade AS er selskapet som utviklar vindskipet og eig rettigheitene til konseptet. I tillegg er Vindskip AS oppretta, som dei vil nytte til å bygge det første skipet, men også til å selje byggelisensar til andre.

I dette selskapet har no Stadt AS og Høglund gått inn som aksjonærar – og dei er på jakt etter fleire investorar.
– Vi skal eige, men ikkje drive den første båten. Vi har henta inn tilbod frå eit selskap om å ha mannskap og drift på båten. Vidare er vi i dialog med ein av dei største bilprodusentane i Europa, seier Lade.

Verfts-avtale i vasken

Dei hadde tidlegare ein intensjonsavtale om å bygge ved det kroatiske Uljanik-verftet, men dei har fått økonomiske problem. Lade har likevel sikra seg gjennom eit samarbeid med tre tilsette frå verftet.
– Dei har kome inn i vårt prosjekt og tilført mykje kompetanse på bilskip, fortel Lade.
Alt dreier seg i hovudsak om å få ned forbruket av drivstoff

Publisert: 23.05.2019 17:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35