Klar til aa ta meir ansvar
FRAMLEIS OMSTILLING: Framleis omstilling og vekst, auka eksport og nye jobbar er mellom dei viktigasta utfordringane for Møre og Romsdal framover, meiner regiondirektør Helge Gjerde i Innovasjon Norge Møre og Romsdal. 
Nytt

Klar til å ta meir ansvar

Opprydding kan ende med at Innovasjon Norge i større grad blir den samla porten inn i vrimmelen av støtteordningar til næringslivet. Men regiondirektøren saknar sterkare fokus på brukarane.

Marius Rosbach
21.11.2019
Bedrifter har klaga over at det er vanskeleg å finne fram i alle dei ulike støtteordningane for næringslivet, og at det opplevast som eit byråkratisk og lite brukarvennleg system.
Det vil regjeringa gjere noko med og fekk nyleg ein frå konsulentselskapet Deloitte, som foreslår fleire grep i verkemiddelapparatet.

Trur ny oppdeling blir enklare

Eitt av forslaga er at Innovasjon Norge i større grad enn før skal vere førstelinjeteneste inn til verkemidlane.
– Rapporten frå konsulentane har mykje bra i seg, seier regiondirektør Helge Gjerde i Innovasjon Norge Møre og Romsdal til NETT NO.
Han fortel at dei støttar behovet for ei forenkling, betre kvalitet og mindre overlapping i heile apparatet, og at dei er positive til å ta på seg nye oppgåver.
– Vi er også positive til konsulentanes forslag om å organisere aktørane i fire store verkemiddelgrupperingar, då vi trur dette kan gjere det enklare for brukarane, seier Gjerde.
  • Innovasjon Norge blir foreslått som den sentrale aktøren for forretningsdrevet innovasjon og vekst.
  • Norges forskningsråd skal ha ansvar for forskingsdrevet innovasjon.
  • Eksportfinansiering skal .
  • I tillegg rår rapporten til ei samanslåing av fondsverktøy som Argentum, klimainvesteringane i Nysnø og Investinor.

Les meir:



Saknar fleire svar

Det regionale nivået kan få ei meir sentral rolle i næringsutviklinga, noko Gjerde synest er positivt. Han trur likevel ikkje at den regionale organiseringa som er foreslått vil bidra til å gjere det enklare for bedriftene, eller føre til meir effektiv styring.
– Først og fremst synst vi rapporten i for liten grad designar eit verkemiddelapparat som er mindre kompleks og lettare å navigere i for bedriftene, seier Gjerde – og saknar eit sterkare fokus på brukarane.
Regiondirektøren saknar også svar på korleis ein skal lukkast betre med kommersialisering av forsking – noko som er viktig for Møre og Romsdal.

– Eksporten startar heime

Regiondirektøren peiker på at vekst og auka eksportinntekter er den viktigaste utfordringa Norge står ovanfor i åra som kjem.
Rapporten peikar på at fleire bedrifter treng rådgjeving for å lukkast internasjonalt, og at meir kontakt med internasjonale investormiljø kan vere eit verktøy.
– Vi meiner at eksportarbeidet startar heime, og for oss er eksport ein integrert del av oppdraget med å utvikle vekstkraftige bedrifter, seier Gjerde.
Han meiner ein må sjå på heile bedriftenes verdikjeder og livssyklus når ein lagar til verkemiddel på dette området.

Les også:



Næringsministeren:


(ekstern lenke)
Først og fremst synst vi rapporten i for liten grad designar eit verkemiddelapparat som er mindre kompleks og lettare å navigere i for bedriftene

Publisert: 21.11.2019 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:45