- Det er eit fantastisk skip. Alt er mykje større enn det eg har vore van med. No vert det godt å kome seg i arbeid, seier Kallevik.
Han rosar også byggjeverftet Kleven.
- Førsteklasses båtbyggjarar. Dette kan dei.
Det vart ikkje noko av desse planane, og Eidesvik måtte tenkje nytt.
I staden for arbeid i Brasil, lukkast selskapet før jul å sikre seg ein kontrakt med franske Technip for offshoreinstallasjonar. Dermed vart det full fokus på ROV-operasjonar.
Men no er skipet klart og neste laurdag er det klart for dåp i Stavanger. Deretter vert det rett i arbeid for Technip, i første omgang på Gullfaks i Nordsjøen.
- Vi skal frakte ut og setje på plass ein god del utstyr, seier Kallevik.
Deretter vert det nye oppdrag vest for Shetland, før turen går til britisk sektor av Nordsjøen.
- I første omgang er kontrakten på 180 dagar, men det kan verte meir, seier Kallevik.
- Eg starta med "Viking Baby", og skal no styre den største av skipa. Det er ein stor overgang.
"Viking Neptun" er 145,6 meter og lang og 31,0 meter brei. Det er elleve dekk i skipet, som er innreidd for 150 personar.
- Mannskapet vil telje 29 personar, elleve norske og 18 frå Filippinane, seier Kallevik.
Dekksarealet er på 2.600 kvadratmeter, og her er to store offshorekraner, der den eine kan ta heile 400 tonn.
Kvar meter veg 80 kilo.
Kallevik seier at over helga skal skipet finne ei havdjupne på 3000 meter for å sleppe ut heile wiren og teste at alt er i orden.
- Truleg vil dette skje aust for Island. Der er det djupt nok.
Skipet er utstyrt med utvida isklasse for operasjonar i arktiske strøk, og det er dobbelt opp med motorar og anna kritisk utstyr.
- Det har kosta, men eg har stor tru på at reiarlaget vil få god nytte av denne båten, seier Kallevik.
- Det er ein del bruer vi ikkje kjem oss under, men vi har nok klaring til Sotrabrua, seier Kallevik.
Prosjektleiar Oddvar Pedersen ved Kleven rosar samarbeidet med Eidesvik.
- Dette er sjøfolk, som kan sitt fag og veit kva dei vil. Det er slik vi likar det.
- Alt er stort og tungt, og det er det hittil største skipet Kleven har bygt.
- Men vi har kome i mål på ein god måte.
- No har vi vist at dette kan vi.
Ho seier at selskapet kjem bra ut økonomisk.
- Ja, dette er eit prosjekt vi har tent pengar på.
Han rosar også byggjeverftet Kleven.
- Førsteklasses båtbyggjarar. Dette kan dei.
Endra planane
Då Eidesvik i 2012 kontraherte offshore konstruksjonsskipet, var tanken å satse på legging av store stålrør, mellom anna i Brasil. Om bord er det installert ein stor trommel til slike operasjonar, men det skulle i tillegg installerast eir stort tårn.Det vart ikkje noko av desse planane, og Eidesvik måtte tenkje nytt.
I staden for arbeid i Brasil, lukkast selskapet før jul å sikre seg ein kontrakt med franske Technip for offshoreinstallasjonar. Dermed vart det full fokus på ROV-operasjonar.
Bahamas
Planen var også å vere registrert i NIS, og ha Haugesund på skipssida, men no er Haugesund skifta ut med Nassau på Bahamas.Men no er skipet klart og neste laurdag er det klart for dåp i Stavanger. Deretter vert det rett i arbeid for Technip, i første omgang på Gullfaks i Nordsjøen.
- Vi skal frakte ut og setje på plass ein god del utstyr, seier Kallevik.
Deretter vert det nye oppdrag vest for Shetland, før turen går til britisk sektor av Nordsjøen.
- I første omgang er kontrakten på 180 dagar, men det kan verte meir, seier Kallevik.
Klart størst
Han har arbeidd i 35 år i Eidesvik-reiarlaget, derav 26 år som kaptein.- Eg starta med "Viking Baby", og skal no styre den største av skipa. Det er ein stor overgang.
"Viking Neptun" er 145,6 meter og lang og 31,0 meter brei. Det er elleve dekk i skipet, som er innreidd for 150 personar.
- Mannskapet vil telje 29 personar, elleve norske og 18 frå Filippinane, seier Kallevik.
Kino og basseng
Om bord har dei kino, trimrom og endåtil eit utandørs badebasseng.Dekksarealet er på 2.600 kvadratmeter, og her er to store offshorekraner, der den eine kan ta heile 400 tonn.
3000 meter lang stålwire
Berre stålwiren om bord veg 370 tonn. Wiren er 3000 meter lang og har ein diameter på 126 millimeter.Kvar meter veg 80 kilo.
Kallevik seier at over helga skal skipet finne ei havdjupne på 3000 meter for å sleppe ut heile wiren og teste at alt er i orden.
- Truleg vil dette skje aust for Island. Der er det djupt nok.
Skipet er utstyrt med utvida isklasse for operasjonar i arktiske strøk, og det er dobbelt opp med motorar og anna kritisk utstyr.
- Det har kosta, men eg har stor tru på at reiarlaget vil få god nytte av denne båten, seier Kallevik.
Høgt opp
Skipsbrua er på 260 kvadratmeter, og ligg 45 meter over havflata.- Det er ein del bruer vi ikkje kjem oss under, men vi har nok klaring til Sotrabrua, seier Kallevik.
Prosjektleiar Oddvar Pedersen ved Kleven rosar samarbeidet med Eidesvik.
- Dette er sjøfolk, som kan sitt fag og veit kva dei vil. Det er slik vi likar det.
Krevjande
Han seier at prosjektet har vore krevjande.- Alt er stort og tungt, og det er det hittil største skipet Kleven har bygt.
- Men vi har kome i mål på ein god måte.
Viktig for Kleven
Kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund seier at prosjektet har vore viktig for å demonstrere at Kleven kan byggje store og avanserte offshorefartøy.- No har vi vist at dette kan vi.
Ho seier at selskapet kjem bra ut økonomisk.
- Ja, dette er eit prosjekt vi har tent pengar på.
Dette er sjøfolk, som kan sitt fag og veit kva dei vil. Det er slik vi likar det
Publisert: 19.02.2015 16:03
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:41