Klar for runde nummer to
RESTRUKTURERING NR. 2: Adm. dir. Njål Sævik og finansdirektør Arne Johan Dahle møter pressa under den forrige restruktureringsrunden for Havila Shipping. No er Sævik og Dahle i full gang med runde nummer to.
Nytt

Klar for runde nummer to

Tenk deg at du går frå Skateflukaia i Ålesund til ferjekaia på Sulesund, og legg frå deg ein million kroner for kvar meter du går. Så lang er gjelda til norges største offshoreselskap.

12.05.2019

ANALYSE:


28.600 millionar kroner skuldar Solstad Offshore bankar og andre kreditorar. Det er snakk om enorme summar, og gigantkonsernet klarer ikkje å handtere gjelda.
Sjølv om konsernet har utsett betalinga av store deler av rentene og avdraga, gjekk konsernet med 5,9 milliardar kroner i minus i fjor. No treng den Skudenes-styrte kjempa hjelp frå kreditorane for å overleve.
Og kreditorane er blant anna 23 bankar som må verte samde. Det er krevjande nok i seg sjølv, sjølv om det sist veke kom meldingar om at ei investorgruppe har starta samtalar med kreditorar for å finne ei løysing.
Dei store investorane i Solstad er Kjell Inge Røkke og John Fredriksen, med 20,1 prosent av aksjane på Røkke og 16,1 på Fredriksen. Begge to har pengar nok til å bidra til ei ny restruktureringsrunde, men då må dei sjølve truleg grave djupt før bankane er fornøgde og vil bidra med tyngde.
Og sjølv om bankane slettar halve gjelda, så er restgjelda så stor at ein framleis kan gå frå Skateflukaia og heilt til Vegsundbrua og leggje att ein million kroner for kvar meter.
Offshoregiganten består av gamle Solstad, gamle Farstad, gamle Rem Offshore og deler av Dess Aquaculture.
Totalt har ein 61 PSV-ar, 42 ankerhandterarar og 33 subsea- og konstruksjonsskip. Tanken bak konstruksjonen var å spare store felleskostnader, redusere konkurransen og auke innteninga ved å samle fleire konkurrerande selskap under ein paraply. Men så langt har det vist seg at å vere stor ikkje nødvendigvis er den beste løysinga.
Men det er slett ikkje berre Solstad som har problem. Nesten alle av dei større offshoreselskapa må til med ei ny restruktureringsrunde. Oppturen kom ikkje alt i 2018, og 2019 ser heller ikkje ut til å verte det store vendepunktet. Pengane renn framleis fortare ut enn nye kjem inn.
Eitt av selskapa som slit tungt er Havila Shipping. Her er gjelda på 4100 millionar kroner, og krigskassa selskapet fekk ved forrige restruktureringsrunde for å kome seg gjennom nedturen er snart tom.
Selskapet treng på nytt hjelp frå kreditorane, og i mellomtida kan halvparten av flåten ryke ettersom 12 skip feila i ein innteningstest, og kan dermed verte overtatt av kreditorane.
Leiinga kjempar for å halde selskapet samla, og så spørs det kor mykje Per Sævik og familien er villig til å inn med av ny kapital for å berge selskapet. No er det andre område som kan vere meir interessant å setje pengane i, ikkje minst den store satsinga på turisme og reiseliv som ein no har på gang.
Men lista over skakk-køyrde offshoreselskap er lang, og det viser seg at det er dei minste og dei nyaste som klarer seg best. Dei siste mest fordi ein har kome inn på langt lavare prisar enn dei som var mest aktive med nykontraheringar i den største offshoreboomen.
Litt teikn til lysning har det likevel vore i det siste, inkludert kraftige ratehopp for større PSV-ar. Blant anna fekk Island Offshore nyleg 250.000 kroner døgnet for PSV-en Island Dawn.
Frykteleg kjekt, men også skræmande, var kommentaren frå adm. dir. Håvard Ulstein.
Han fryktar at slike rater skal få endå fleire båtar ut av opplag og igjen oppmuntre reiarar til nybygging.
Håvard Ulstein veit at disiplin i næringa er heilt avgjerande for å snu utviklinga, slik at både Island Offshore og dei andre større offshoreselskapa held seg flytande gjennom ei krise som framleis pågår for fullt.
Det hjelper heller ikkje at stadig fleire riggselskap satsar på DP-riggar som i stor grad klarer seg sjølve og ikkje treng sleping eller oppankring.
I tillegg er det stadig fleire aktørar som i stort tempo kuttar ut investeringar i fossil energi.
Til NETT NO opplyser Sverker Åkerblom, direktør og portefølgjeforvaltar i verdas største investeringsselskap Blackrock at det no er ein enorm straum med midlar som vert plasserte i fornybar energi, og der Blackrock sjølve har gått tungt inn i vindkraft-sektoren,
Helen Clarkson, direktør i The Climate Group, opplyser på sin side at nærare 200 av verdas største selskap no har inngått nullutsleppsavtalar og har forplikta seg til å bruke kun fornybar energi.
Sett i denne samanheng er det ikkje berre dagens økonomiske problem som er ei utfordring for offshorereiarane, men også internasjonale trendar som kan gjere denne sektoren mindre attraktiv.
Derimot kan det liggje ein etterlengta opptur i meir arbeid i offshore vind for hardt pressa reiarar.
For den maritime klynga i nordvest er det no viktig at ikkje endå fleire offshoreselskap mister fotfestet i regionen. Det gjekk med to i forrige runde.
Men det er uansett bankane som i stor grad avgjer kva som skal skje med dei ulike offshoreselskapa. Eitt alternativ er at bankane sjølve tek over som eigarar, men ein må uansett ha nokon til å drive selskapa. Dei som klarer det siste best, bør også sitje med dei beste korta i dei forhandlingane som no pågår.

Publisert: 12.05.2019 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35