Klar for nye seismikkoppdrag
SEISMIKK: Etter to og eit halvt år i opplag, vart tampane løyste på Neptune Naiad torsdag.
Nytt

Klar for nye seismikkoppdrag

Seismikkskipet Neptune Naiad vart i dag løyst frå kaia på Moltu. Første stopp er Myklebust Verft, før vidare tur til Asia.

09.02.2017
- Det er mykje som må gjerast når eit skip har lege så lenge i opplag, seier adm. dir. Karsten Sævik i Fosnavåg-baserte Remøy Shipping.
Selskapet har driftsansvaret på skipet, og har også gått inn med ti prosent eigarskap i det nystarta seismikkselskapet Axxis Geo Solutions. Andre sentrale aktørar er Jogeir Romestrand, Bjarte Bruheim og Arne Blystad.

Les her:


Klassing

Neptune Naiad har lege i opplag i to og eit halvt år, dei siste 25 månadene på Moltustranda i Herøy.
No er første stopp Myklebust Verft i Gursken, der ein mellom anna må gjennom klassing.
- Skipet må sertiserast på nytt, og vi må vise at skipet er klart til nye oppdrag, seier Sævik.

Få nordmenn

Remøy Shipping er no i ferd med å fylle opp med mannskap, fordelt på to skift.
- Det ser ut til å verte berre to nordmenn, i alle fall i første omgang når vi berre har sikkerheitsbemanning, seier Remøy.
Han opplyser at neste mål er å gå til Singapore.
- Mellom anna konkurrerer vi om oppdrag utanfor Indonesia, seier han.

Nodeseismikk

Det nystarta selskapet vil mellom anna tilby nodeseismikk, der eit stort antal noder lagde i geometriske mønster på sjøbotnen, og der kvar node har ein sensor og utstyr for å sende data til moderfartøyet.
Teknikken gir betre seismiske data enn ved tradisjonell seismikk gjennom slepekablar.

Les her:


Skipet må sertiserast på nytt, og vi må vise at skipet er klart til nye oppdrag

Publisert: 09.02.2017 13:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:06