Klar for aa lage formene til super sjarken
FUNNE FORMA: Etter lang testing er forma på Gunnar Carlsons supersjark klar. Arbeidet med å lage formene er i gang. 
Nytt

Klar for å lage formene til super-sjarken

Finansiering er på plass for å lage formene til Gunnar Carlsons super-sjark.

13.10.2017
Etter prøving og feiling i modelltank og i sjøen er Gunnar Carlson klar for å ta steget frå skipsmodell til ein fullskala, banebrytande fiskebåt. Dette fartyet vil vekke oppsikt, uavhengig av fangstresultat.
Hos Easy Form er arbeidet med å konstruere formene til den 14,99 meter lange og 8,05 meter breie katamaranen i full gang, og starten på den fysiske produksjonen av formene er rett rundt hjørnet.

Samarbeid med kjøpar

Innovasjon Norge, saman med Carlson, stiller med finansiering av arbeidet med å lage formene båten skal støypast på.
Carlson vil ikkje tidfeste når arbeidet med å lage formene er ferdig. Det heng mellom anna saman med kapasiteten hos Easy Form, som må finne tid til å lage formene innimellom andre oppdrag.
Men båt blir det, ein fiskebåtreiar er allereie med på prosjektet og skal ha den første som blir produsert.

Endra undervegs

Testresultata har ført til at det er gjort mange endringar på utsjånaden på båten etter at NETT NO første gang skreiv om prosjektet våren 2016.


Båten er bygd slik at alt arbeidet ombord kan gjerast innadørs, verna mot vêr og vind, der fisken blir trekt inn i båten gjennom luker i skroget.
Fartyet skal kunne gå i 20 knops fart også i dårleg vêr.
Den første modellen blir bygd i kompositt og er konstruert slik at det kan veljast mellom batteridrift eller diesel som drivstoff.

Skal byggast i Måløy

I fjor haust kjøpte Gunnar Carlson Måløy Verft, etter at det vesle verftet hadde slite med underskot i tre år på rad.

Måløy Verft har spesialisert seg på nybygg, ombyggingar og reparasjon av mindre båtar i glasfiber, og planen er at den nye sjarken skal byggast på verftet.

Publisert: 13.10.2017 11:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15