Klar for aa byggje ny krillbaat
KRILL: Stig Remøy set fart på planane om å byggje ny krillbåt.
Nytt

Klar for å byggje ny krillbåt

Etter at Rimfrost har fått tildelt ny krillkonsesjon, set Stig Remøy fart i arbeidet med å byggje ny krillbåt.

02.01.2019
- Prosessen er godt i gang med val av byggjeverft, seier Remøy til NETT NO.
Han seier at han vil kome med ytterlegare opplysningar når kontrakten vert effektiv.
Remøy kunne torsdag glede seg over å få tildelt ein av to nye krillkonsesjonar.

Den andre konsesjonen gjekk til Aker Biomarine og Kjell Inge Røkke.
- Vi er godt fornøgde med tildelinga til Rimfrost, seier Remøy.

Åtvara mot monopol

Då næringskomiteen besøkte Herøy i oktober, åtvara Remøy sterkt mot at Kjell Inge Røkke og Aker Biomarine fekk krillmonopol.
Han fortalde også litt meir om planane til Rimfrost.
- Vi tek ut 50 prosent mindre biomasse enn Aker, og får att 3-5 gongar meir i andre enden.
- Vår produksjonsløysing er truleg ei av dei største innovasjonane i norsk fiskerinæring på fleire tiår, sa Remøy.
Han viste til at heile krillen vart utnytta gjennom bioprospektering i staden for tradisjonell fiskemjølteknologi.
- Vi får fleire produkt, som krillmjøl, krillolje og krillhydrolysat, sa Remøy.

Laksefôr

Hovedfokuset for produkta har vore mot humant konsum, men han såg også store mulegheiter som tilsetning i laksefôr.
- Berre Marine Harvest brukar 550.000 tonn laksefôr i året. Om vi kan tilsetje 2-3 prosent hydrolysat, så snakkar vi om 10.000 - 15.000 tonn, sa Remøy.
Han opplyste at ein jobbar med å utvikle produkta og dokumentere fordelene med krillen til laksefôr.
- Våre analysar viser at det gir både auka vekst og auka fiskehelse.

Publisert: 02.01.2019 14:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30