Kjersti Kleven til i Kuben
NYE OPPGÅVER: Kjersti Kleven blir prosjektleiar i iKuben.
Nytt

Kjersti Kleven til iKuben

Skal knyte Sunnmørsbedrifter tettare til næringsklynga i Molde.

14.09.2018
Kleven skal jobbe i 40 prosent stilling som prosjektleiar for klyngeorganisasjonen NCE iKuben, med base i Ulsteinvik.
- Eg skal vere eit anker på Sunnmøre, seier Kleven.
Klevenkonsernet har vore medlem i iKuben sidan 2015 og Kjersti Kleven har vore styremedlem der sidan 2016. No skal ho mellom anna bidra til å rekrutterer fleire bedrifter på Sunnmøre inn i iKuben.
Fram til den første refinansiering av Kleven i fjor var Kjersti Kleven styreleiar i konsernet.
Ho er i dag er i dag styremedlem i Myklebust Verft, Ekornes, SINTEF Ålesund og Sparbank1 Søre Sunnmøre, men seier til NETT NO at ho ønskjer seg inn i ei meir operativ rolle, som ho får gjennom iKuben-engasjementet.

Rykka opp

Medan klyngeorganisasjonane GCE Blue Martime (verft, reiarlag og maritim industri), Blue Legasea (biomarin industri) og Norwegian Rooms (møbel og innreiingsindustri) i Ålesund er bransjeretta er NCE iKuben i Molde ein klyngeorganisasjon på tvers av bransjar, retta mot å ta i bruk ny teknologi for raskare innovasjon og omstilling.
I fjor rykte iKuben opp fra Arena-status til å få status som eit Norwegian Centre of Expertice, noko som betyr meir pengar og ein lengre tidshorisont i finansieringa.

På tvers av bransjar

Kleven ser store fordelar med å jobbe på tvers av bransjar, slik det blir gjort i iKuben, og seier det er to sentrale oppgåver for henne i tillegg til bindeleddfunksjonen for bedrifter på Sunnmøre:
Det eine er å bidra til at fleire bedrifter kjem inn i nasjonale forsking og utviklingsprosjekt, både for bedriftene sin eigen del og for å gjere forsking og utviklingsprosjekt meir bedriftsnære.
Det andre er å få fleire bedrifter med på EU si satsing på forsking og utvikling, gjennom programmet Horisont 2020 og programmet som skal vidareføre EU-satsinga etter 2020.

Både og

Kjersti Kleven ser ikkje på medlemskap i iKuben som eit hindre for å også vere med i næringsklyngene med base i Ålesund. Det er ikkje enten eller, men både og.
Klyngene utfyller kvarandre og Klevenkonsernet er med både i Molde og Ålesund påpeikar ho.
Ho ønskjer at samarbeidet mellom bedriftene i Møre og Romsdal aukar, på tvers av fogderigrensene.
Samarbeidet blei tettare i fleire år, men dei siste åra har den gode utviklinga bremsa, etter hennar vurdering. Den politiske striden om plassering av nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal fekk fogderistrien til å bluss opp. Det smitta og litt over på næringslivet, samstundes som nedturen etter oljeprisfallet i 2014 gjorde at knutepunkta mellom bedriftene i dei tre fogderia blei færre.

Publisert: 14.09.2018 14:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26