Kjempeleit at dette skjer
MISLEGHALD: Jan Rune Hurlen i Sparebank1 SMN (innfelt) seier banken sa opp lånet til Kleven på grunn av misleghald, medan Tomislav Debeljak meiner bankane ikkje hadde rett til å avslutte låneavtalane. Debeljak er fotografert på veg inn i administrasjonsbygget på Kleven etter at dei tilsette blei orientert om konkursen på eit allmøte i dag, fredag 3. juli.
Nytt

– Kjempeleit at dette skjer

Sparebank 1 SMN vil ikkje kommentere årsaka til konkursen, men håpar på ny drift ved Kleven.

Administrator
03.07.2020
Div Group-eigar Tomislav Debeljak peikar på Sparebank1 SMN som hovudårsaka til at Kleven Verft endar i skifteretten, og varslar søksmål mot bankane.
Jan Rune Hurlen, som leiar banken si næringslivsavdeling på Sunnmøre, vil ikkje kommentere trugsmålet om rettsak, men seier at banken sa opp låneavtalen med Kleven Verft på grunn av misleghald. Kva misleghaldet besto i vil han ikkje utdjupe, ei heller kor stort lånet er.
Banken er leiar for eit banksyndikat - der også Sparebanken Sogn og Fjordane er med - som har gitt byggelån til plattformforsyningskipet som er under bygging hos Kleven. Sparebank 1 SMN opplyser at deira del av byggelånet er på 30 prosent, men banken vil ikkje kommentere årsaka til konkursen.

Siste:




Håpar på ny drift

No håpar Hurlen at bustyret får inn nye eigarar.
- Det håpar vi sjølvsagt. Vi synest det er kjempeleit at dette skjer, seier han.
I følgje Hurlen har det ikkje kom nokon framlegg til løysing frå Div Group si side som banksyndikatet har vurdert, etter at Div Group fredag 26. juni varsla kundar og samarbeidspartnarar om at bankane hadde sett ned foten.

Nordea og Innovasjon Norge

Medan Sparebank1 SMN-syndikatet finansierer bygginga av plattformforsyningsskipet er det Nordea og Innovasjon Norge som er långivar til verftselskapet. Dei har pant i alt av bygg, utstyr og varelager.
Tomislav Debeljak sa på pressekonferansen fredag at gjelda i Kleven Verft er på 30-40 millionar euro (320-420 millionar kroner). Byggelånet utgjer cirka 15 millionar euro.

Alt om Kleven-dramaet:



Nordnes-reiarlaget bygger på Kleven:





Klubbleiar:








Tillitsvalt:



Verftsdirektøren:




Publisert: 03.07.2020 13:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59