Kjempekontrakt for Hexagon datter
STOR KONTRAKT: Hexagon Composites-sjef Jon Erik Engeset kan glede seg over ny kontrakt med den amerikanske transportgiganten UPS. 
Nytt

Kjempekontrakt for Hexagon-datter

Landa avtale til ein verdi av minst 600 millionar.

Marius Rosbach
09.10.2019

Hexagon Composites sitt amerikanske dotterselskap Agility Fuel Solutions har sikra ei treårs-kontrakt med den amerikanske transportgiganten UPS.

Verdien på kontrakta er på mellom 595 og 870 millionar kroner, opplyser selskapet i ei børsmelding onsdag.

Ulike kjøretøy
Agility Fuel Solutions lagar drivstofftankar og -system, mellom anna til lastebilar og bussar. Komposittankane og systema blir nytta både i naturgass-, hydrogen-, propan- og batterielektriske løysingar.

Den siste avtalen gjeld både system og tankar for komprimert naturgass (CNG) til større trekkvogner, mindre varebilar, og større truckar nytta til terminalarbeid.

Største forretningsområde
Kontrakta er mellom dei største langvarige avtalane det amerikanske dotterselskapet til Hexagon har sikra seg. UPS har vore ein av deira større kundar i fleire år og har eit mål om at ein firedel av deira køyretøy skal nytta alternativ drivstoff i 2020.

Agility Fuel Solutions er det største forretningsområdet for Hexagon Composites med 894 millionar kroner i driftsinntekter og 36,6 millionar kroner i driftsresultat i første halvår i år.

Les mer: Valuta og rente drog ned i andre kvartal

Buss-samarbeid for Hexagon


Publisert: 09.10.2019 15:46

Sist oppdatert: 28.04.2022 08:09