Kjempedag paa makrellfeltet
STORFANGST: 910 tonn makrell i eitt kast for Smaragd. Fangstverdien er på rundt 13 millionar kroner.
Nytt

Kjempedag på makrellfeltet

I eitt kast fekk Herøy-båten Smaragd 910 tonn med makrell, og fleire andre båtar følgde etter. Skipper Atle Honningsvåg seier at hittil har makrellen stått djupt og vore vanskeleg å få.

12.10.2018
- Det er heilt spesielt. I Norskehavet står makrellen gjerne heilt nede på 300-400 meter. Då er han både vanskeleg å finne og vanskeleg å få.
Kastet på 910 tonn vart tatt i EU-sona aust for Peterhead i Skotland. Her var store deler av makrellflåten i sving, og det vart gjort mange gode fangstar.
- Det var mykje å sjå, men makrellen stod ikkje i flekkar, men i slør. Vi trudde slett ikkje det var så mykje som 910 tonn i kastet.

Vanskeleg i Norskehavet

Makrellen vart tatt på ei djupne på 40 meter og nedover.
- Dette er meir som normalt, seier Honningsvåg, som fortel at i Norskehavet er situasjonen ein heilt annan.
- Her står makrellen svært djupt. Vi kan sjå litt til han tidleg på morgonen og seint på kvelden, men elles er han vanskeleg å sjå.
Han seier at Smaragd sist veke fekk vel 100 tonn i eitt kast.
- Den fisken fann vi på 200 meter og nedover, og vi fekk oss ein del av denne flekken når fisken kom opp.
- På eit anna kast, stakk fisken under nota og vidare ned i djupet.

Makrell i breiflabbgarna

Han har ikkje noko god forklaring på kvifor makrellen går så djupt.
- Dette er også tilfellet nærare land. Fleire breiflabb-fiskarar har fått garna fulle av makrell, så det er noko spesielt som skjer.
Derimot er han sikker på at dette er noko av årsaka til at havforskarane finn mindre makrell enn før, noko som har resulteret i stor reduksjon i kvoteråda for neste år.
- Anten har det døydd svært mykje makrell på eitt år, eller så står mykje av makrellen så djupt at han er vanskeleg å finne. Eg trur på det siste.

God stemning

Honningsvåg fortel om svært god stemning på fangstfeltet i går etter at mykje av flåten hadde brukt lang tid på å leite etter makrell.
- Vi var mange tett samla, og det vart tatt mange gode fangstar.
Av dei som har meldt inn fangst er Herøy-båtane Smaragd (910 tonn), Christina E (480 tonn), Herøy (690 tonn) og Kings Bay (670 tonn).
I tillegg har Ålesund-båtane Fiskeskjer (670 tonn), Havstål (570 tonn) og Genesis (270 tonn) meldt inn.

Makrell-tråling

Elles var fire færiske trålarar inne i norsk sone på 63 grader nord og fekk gode fangstar der også.
- Dei var helit nede på 300-400 meter djupne og taua.
Smaragd er den båten som går lengst med fangsten, ettersom ein skal levere hos Lofoten Viking på Værøy.
- Det tek vel to døgn. Vi satsar på å vere framme i firetida laurdag, seier Honningsvåg.

God pris

Han er godt fornøgd med prisen, som vart vel 14 kroner kiloen.
Det betyr at fangstverdien på det eine kastet kom opp i rundt 13 millionar kroner.
- Vi skal ikkje klage på prisen, men med ein så stor fangst er det litt avgrensa kor mange som byr.
Sildelaget opplyser at til torsdag var det fiska rundt 67.000 tonn makrell, og det dermed stod att 134.000 tonn igjen på kvoten. Dette er betydeleg bak fjoråret då ein på same tid hadde fiska 166.500 makrell.
Smaragd er uansett ferdig med sin kvote på vel 2.000 tonn.
- Vi får sjå om vi tek oss ein svipptur på silda, eller om vi går heim. Først skal vi i alle fall levere fangsten, seier Atle Honningsvåg.
Anten har det døydd svært mykje makrell på eitt år, eller så står mykje av makrellen så djupt at han er vanskeleg å finne

Publisert: 12.10.2018 13:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26