Kjempeaar for Stranda gondolen
STRANDA: I sommar vart det sett opp eit eige partytelt ved sidan av Fjord Panorama Restaurant for å gi eit godt tilbod til alle som reiste til topps med Stranda-gondolen.
Nytt

Kjempeår for Stranda-gondolen

Nesten dobla besøkstalet. No skal det byggjast velkomstsenter på Strandafjellet.

09.10.2019
Over 20.000 passasjerar har tatt gondolen på Strandafjellet i sommar. Det er nesten ei dobling frå i fjor.
- Det har vore voldomt. Enkelte dagar har vi vore oppe i 500 reisande med gondolen, seier dagleg leiar Stian Græsdal i Strandafjellet skisenter.
Auken kjem i hovudsak frå cruise, der busslastar med cruisepassasjerar vert bussa inn til Strandafjellet.
-70-80 prosent kjem frå Ålesund, og det ser ut til å auke med cruisepassasjerar framover.

Partytelt

Så stor var pågangen enkelte dagar at ein måtte setje opp eit partytelt ved sidan av Fjord Panorama Restaurant i enden av gondolbana.
- I dette teltet fekk vi 100 ekstra sitjeplassar, slik at alle fekk både servering og plass å sitje, seier Græsdal.
Gondolen stoppar på 1067 meter høgde, men mange går også vidare til Roalden på 1230 meter høgde.
- Det er ei fantastisk utsikt frå toppen, seier Græsdal.

Velkomstsenter

Han opplyser at for norske reisande er besøkstala veldig vêravhengige.
- Nordmenn reiser ikkje med gondolen i skodde og regn, men cruiseturistane kjem uansett.
No skal det lagast eit betre tilbod for dei reisande ved starten av gondolbana.
- Planen er å byggje eit velkomstsenter, der det også skal serverast mat.

Patriotiske eigarar

Gondolen er open for alle reisande til og med søndag.
- Men vi har nokre turar med cruiseturistar seinare i oktober, og endåtil i november, seier Græsdal.
Han rosar aksjonærane.
- Dei er nokre verkelege patriotar, som står på.
Strandafjellet Skisenter er eigd 33,33 prosent av Frode Harald Kjøås i Kjølås Stansekniver, medan 66,67 prosent er eigd av Strandafjellet Holding. Bak dette selskapet står Per Magne Grøndahl og Bjarte Tunold, i tillegg til Stig Jarle Rødseth.
Enkelte dagar har vi vore oppe i 500 reisande med gondolen

Publisert: 09.10.2019 13:01

Sist oppdatert: 08.03.2021 11:04