Kina advarsel fraa EU raadgivar
TVEEGGA: Eksport av kunnskap til Kina, som til dømes Ulstein-konsernets design- og utstyrspakkar, er eit tveegga sverd som kan svekke vestleg konkurranseevne mot Kina, meiner EU-rådgivar.
Nytt

Kina-advarsel frå EU-rådgivar

Ulsteins eksport av X-BOW-design til Kina er eksempel på handel vestlege aktørar bør tenke nøye over, meiner Jonathan Holslag, rådgivar for nestleiaren i EU-kommisjonen. 

08.11.2017
Det vil ikkje gå så lang tid før kinesiske selskap sjølve kan konstruere, patentere og bygge skip med liknande form og funksjon som Ulsteinkonsernets karakteriske baugprofil, seier Jonathan Holslag.
I går var han innleiar på Verftskonferansen 2017, og brukte store deler av foredraget til å åtvare mot Kina si satsing på å bli ein dominerande og komplett skipsbyggingsnasjon.
Kina vil ta til seg kunnskap, utvikle eigne produkt, og etterkvar stenge døra for vestlege bedrifter som vil eksporter avansert produkt til Kina, fryktar han.
Difor er eksport av kunnskap, og ikkje fysiske produkt eit tveegga sverd, etter Holslag si vurdering.

Milliardeksport

I 2014 passerte Ulstein-konsernet ein milliard kroner i inntekter for design- og utstyrspakkar til skip med X-BOW-design.
Ein del av desse kontraktane hamna i Kina.

- Eg forstår Ulstein si avgjerd, seier Holslag til NETT NO.
Han står likevel på si vurdering: På kort sikt kan slik eksport vere god butikk, men på lengre sikt er også eit trugsmål, meiner han.

Må svare med same mynt

Holslag er professsor og underviser i internasjonal politikk ved Free University Brussel.
Han har gitt ut fleire bøker om internasjonal politikk med Kina som tema og er rådgivar for Frans Timmermann, visepresident i EU-kommisjonen.
Holslags råd til europeiske politikarar og bedriftsleiarar er å kreve handel på like vilkår. Ikkje slepp kinesiske aktørar inn i europeiske marknadar utan at vestlege selskap får akkurat like vilkår i Kina.
- Vi må bevare vårt indre marknad for bedrifter som held seg til spelereglane, seier Holslag.
Vi må bevare vårt indre marknad for bedrifter som held seg til spelereglane

Publisert: 08.11.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15