Kastar korta paa Strynefjellet
SLUTT: Dårleg skisesong, problem med trakkemaskin og tapt rettssak for eigarane av Stryn Sommerski Eigedom. No er det slutt.
Nytt

Kastar korta på Strynefjellet

Etter ein dårleg sesong og tap i retten, har Stryn Sommerski Eigedom no meldt oppbod.

24.09.2014
Dermed går eigarane Moods of Norway (34,4 %), Nordfjord Kjøtt (32,4 %) og Stryn kommune (31,0 %) på eit betydeleg tap på sommarskisatsinga på Strynefjellet.
Oppbudet kjem etter at selskapet berre tente 250.000 kroner i 2013, medan kostnadene inkludert nedskivingar var på 3,3 millionar kroner.

Tapte mot tidlegare eigarar

Den økonomiske situasjonen vart ytterlegare forverra av at selskapet i juli i år tapte ei rettssak i Fjordane tingrett mot selskapet Pop Norge, dei tidlegare eigarane av anlegget.
I vart Stryn Sommerski Eigedom dømde til å betale Pop Norge totalt nærare 350.000 kroner inkludert motparten sine advokatutgifter.
Pop Norge AS er eit selskap eigd av familien Skibenes på Nordfjordeid. Våren 2010 selde familien Stryn sommarskisenter og Folven Camping til Stryn Sommerski Eigedom.

Problem med trakkemaskina

I årsmeldinga for 2013 frå Stryn Sommerski Eigedom står det at selskapet har ein langsiktig avtale med selskapet Stryn Sommerski om drifta av anlegget på Tystigen. Avtalen inkluderer også leige av trakkemaskiner. Men skade på trakkemaskina i 2012 har medført bortfall av leigeinntekter og ekstraordinære kostnader knytt til reparasjon av maskina.
Etter at det vart klart at Stryn Sommerski ikkje hadde finansiering til framleis drift av anlegget, har styret i Stryn Sommerski Eigedom jobba med å få avtale med ein ny eigar av anlegget. Samstundes vart det henta inn ekstra midlar frå eigarane for å sikre drifta i 2014.

Revisor-merknad

Men no er det slutt. Revisor Hans Jørgen Kirkeeide poengterer også i sin revisjonsrapport at selskapet sin gjeld overstig selskapet sine eigedelar. Dette og andre forhold rundt selskapet gjer at det ifølgje Kirkeeide er stor usikkerheit om selskapet si evne til framleis drift.
Advokat Endre Rutledal er oppnemnd som bustyrar, og første skiftesamling vert 28. oktober i Fjordane tingrett.

Publisert: 24.09.2014 10:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38