Kapra ny designkontrakt i Russland
NUMMER TRE: Illustrasjon av linefartøyet Marin Teknikk designar for eit russisk reiarlag. 
Nytt

Kapra ny designkontrakt i Russland

Marin Teknikk i Herøy skal designe linebåt nummer tre til russisk reiarlag.

Marius Rosbach
15.03.2019
Designselskapet frå Herøy har tidlegare designa to linefartøy for det russiske fiskeriselskapet LLC FC Virma, og har no sikra seg design på båt nummer tre.
Russland er kjent for å vere ein krevjande marknad der få norske maritime bedrifter har fått innpass.
– At at dei kjem for å bestille ein båt til, tek vi som ein pluss i margen og eit teikn på at vi har klart å handtere dei tidlegare oppdraga skikkeleg, seier salsdirektør Richard Gjerde i Marin Teknikk til NETT NO.
Sunnmøringane har også teke på seg jobben med å få fartøyet klassegodkjend i russiske register. Då har dei jobba direkte mot klasseselskap og styresmakter. Det er erfaring som gjer oppdraget meir verdifullt både i kroner og ny kompetanse.

Fleire norske leverandørar

Fartøyet er same design som tidlegare – MT 1112 XL – og er 58,6 meter langt og 13 meter breitt. Om bord kjem mellom anna autolinesystem frå Mustad for fiske via ein sokalla «moon pool», fabrikk for prosessering og stort fryselager.
Også fleire andre norske leverandørar vil få oppdrag i kjølvatnet av designkontrakta. Gjerde seier det har vore spennande å jobbe tett mot eit nytt område og ein anna kultur.
– Vi er svært tilfredse med å lande slike avtalar som vil sikre arbeidsplassar på Marin Teknikk for våre dyktige ingeniørar, samt skape aktivitet elles rundt i det maritime miljøet, uttaler Gjerde i ei pressemelding.
Det vert plass til eit mannskap på 36 personar om bord. Båten som skal leverast mot slutten av 2020, vert også isklassa.

Satsar på linefiske

Planen er å nytte fartøyet til å fiske torsk og hyse i Barentshavet og Norskehavet med mål om å ta vare på mest mogleg av fangsten.
Det er på gang ein omfattande fornying av fiskeflåten i Russland. Russiske reiarlag satsar også sterkare på linefiske som er rekna som skånsamt miljømessig.
Dei to fartøya reiarlaget har bestilt frå før, er komen langt i produksjonen ved Severnay-verftet i St. Petersburg. I tillegg har Marin Teknikk selt design på eit tilsvarande nybygg, til eit anna russisk reiarlag. Denne typen design er også selt til ein rekkje andre kundar tidlegare, og Ervik Havfiske var først ute.
Ein fjerde kontrakt Marin Teknikk sikra seg i Russland mot slutten av 2017, vart aldri realisert fordi reiarlaget ikkje fekk finansiering.

Les også:


Publisert: 15.03.2019 16:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32