Kapitalutviding i strikkelselskap
KLAR TIL BRUK: Lars Einar Riksheim i Amatec med ein genser strikka heilt ferdig til bruk i eit 3D-strikkemaskin. Maskinene kan brukast med mange material og av ulike bransjar. 
Nytt

Kapitalutviding i strikkelselskap

Strikketeknologiselskapet 3D Knitting & Technology har fått blant andre Ekornes, Flakk International, Sykkylven Stål og Fora Form som medeigarar.

11.10.2018
Selskapet har nettopp henta inn 615.000 kroner i ny eigenkapital frå ei rekkje bedrifter som er interessert i å utforske 3D-strikketeknologien. Saman med eit tilskot på 700.000 kroner frå Innovasjon Norge for å kommersialisere drifta skal kapitalutvidinga sikre at selskapet kjem i gang med utvikling og opplæring i bruk av 3D-strikking.
3D-strikkemaskiner gjer at du for eksempel kan strikke ein genser i eitt stykke, klar til bruk rett frå maskina. Men teknologien kan og brukast til strikking mange ulike materiale og i andre bransjar enn klesbransjen.

Reduserer risikoen

Eitt av poenga med selskapet er det stiller med maskin- og programvare slik at kundane kan få testa ut og få opplæring i teknologien, før dei eventuelt tek stilling til om dei sjølve skal investere i teknologien. Kostnaden er slik at mange vil vurdere at det er for risikabelt å investere i utstyret utan å vite om det passar i deira bedrift, i følgje styreleiar Harald Espeland i 3D Knitting & Technology og Møbelkraft.
Selskapet Amatec og kompetanseselskapet for møbelindustrien, Møbelkraft, lanserte i 2016 ideen om eit kompetansesenter for 3D-strikking i Sykkylven. For å gjere det lettare å finansiere satsinga blei selskapet 3D Knitting & Technology etablert, og er no klart til drift. Amatec sel mellom anna sy- og strikkemaskiner og har og vore sentral i utviklinga av syrobotar for Ekornes.

Satsar på teknologiutvikling

Møbelkraft er framleis medeigar i strikkeselskapet og skal styre den kommersielle drifta medan teknologikompetansen blir tilsett eller innleigd, i følgje Espeland.
Møbelkraft blei etablert i 2015 for å drive med kompetanseutvikling i norsk møbelindustri, med base i møbelbygda Sykkylven.
Frå komande mandag er Tone Støhle på plass som ny dagleg leiar av Møbelkraft. Hennar oppgåve blir mellom anna å gjennomføre ein strategi som inneber ei spissare satsing på teknologiutvikling.
- Vi spissar oss og satsar på at teknologi er noko vi kan gjere ein forskjell på, seier Espeland.

Fleire bransjar

Aksjonærlista til 3D Knittting & Technology viser at teknologi er interessant for fleire bransjar.
I tillegg til Amatec, Møbelkraft, Ekornes, Fora Form, Sykkylven Stål og Flakk International har desse selskapa og personane gått inn som medeigar:
Stordal Møbler, Sandella, Lanulva, Oleana, Sefar, God Ull, Raas, Klekkeriet, Rivendal, Riss Testlab, Mona Kloster Johannessen og Siri Stoknes.

Publisert: 11.10.2018 13:02

Sist oppdatert: 07.09.2022 15:20