Kan bli inhabil i Havila saker
Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) kan vere inhabil i saker som dreier seg om Huawei, Ice og Havila Shipping. I slike tilfelle skal det setjast inn ein settestatsråd. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix. Her er han med sin forgjengar som samferdselesminister, Ketil Solvik Olsen.
Nytt

Kan bli inhabil i Havila-saker

Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) kan vere inhabil i enkeltsaker som dreier seg om sjøtransport og elektronisk kommunikasjon.

20.09.2018
NPK-NTB: Jon Georg Dale bad sjølv om å få vurdert habiliteten sin i behandlinga av visse saker innanfor elektronisk kommunikasjon og sjøtransporttenester like etter at han tiltredde som samferdselsminister heilt på tampen av august.
– Eg er oppteken av å opptre ryddig, derfor bad eg om desse vurderingane, seier Dale.

Havila, Huawei og Ice

Bakgrunnen for at han bad lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet vurdere han, var relasjonane Frp-statsråden har til tidlegare statssekretær Vidar Brein-Karlsen, som no er samfunnskontaktdirektør i Huawei Technologies Norway, kommunikasjonsdirektør Reynir Jóhannesson i mobilselskapet Ice og finansdirektør Arne Johan Dale i Havila Shipping.
er at Dale i utgangspunktet ikkje er inhabil i saker som handlar om rammevilkåra for ekom-aktørane generelt, og normalt heller ikkje i saker som vedgår Huawei spesielt. Han kan likevel vere inhabil i enkeltsaker som gjeld om varslingsplikt og mynde til å fatte vedtak ved innkjøp til kritisk infrastruktur i tryggingslova, og som særleg kan få konsekvensar for Huawei.

Settestatsråd

– I saker som har ein direkte og konkret konsekvens for Huawei, og som er av ein viss økonomisk storleik, vil eg derfor be statsministeren om at det blir utnemnt ein settestatsråd, seier Dale.
Når det gjeld saker retta mot Ice, er Dale i utgangspunktet ikkje inhabil, men bruk av settestatsråd kan vere aktuelt i saker der Reynir Jóhannesson har vist eit særleg engasjement eller har ei særleg interesse utover det som naturleg følgjer stillinga hans.
I saker som dreier seg om kystruta Bergen–Kirkenes, kan det oppstå inhabilitet i saker som særleg rettar seg mot Havila-konsernet, slår lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet fast.

Publisert: 20.09.2018 08:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26