Kamp som aldri tar slutt
Forskingsdirektør Magnus Devold i Patogen. 
Nytt

Kamp som aldri tar slutt

Nye metodar gjer det råd å nedkjempe virusangrep i oppdrettsnæringa raskare enn før. Men kampen mot virussjukdom tek aldri slutt, seier forskingsdirektør Magnus Devold i Patogen.

23.05.2019
Rundt 2012 fekk oppdrettsnæringa eit gjennombrot i kampen mot det frykta IPN-viruset. Viruset gjorde fisken sjuk, reduserte veksten og tok i verste fall livet av den.
- Frå å vere eitt av dei største problema i oppdrettsnæringa er det blitt nesten ubetydeleg, seier forskingsdirektør Magnus Devold i fiskehelseselskapet Patogen.
I sitt foredrag på Patogen sitt fiskehelseseminar, Pathos Forum, i Ålesund i dag sa Devold at det viktigaste tiltaket for å bekjempe virussjukdomar er å få ned mengda virus i oppdrettsanlegga.
Kampen mot IPN-viruset er eit døme på at virus kan bekjempast, men nye virusproblem vil dukke opp.
- Dette er ein jobb du må gjere konstant, seier Devold.

Fire forskarar på heiltid

Patogen har fire forskarar som jobbar på heiltid i prosjekt for å stoppe virusproblemena i oppdrettsnæringa.
Nye og betre metodar, mellom anna genanalyser, gjer det råd å avdekke virusproblem og smittekjelder tidlegare i syklusen - og dermed sette i gang tiltak før problema blir store.
Suksessen mot IPN-viruset skuldast ein kombinasjon av at det blei avle fram meir motstandsdyktig laks, at stamfisk med smitte i seg blei fjerna og at vasking og desinfeksjon av settefiskanlegg sikre at berre fisk utan viruset i seg blir sett ut i sjøen.

Skaper miljø

Virusproblema i oppdrett er eit resultat av suksessen i næringa.
I naturen er virus eit lite problem, rett og slett fordi det er så lite vill laks at virus har eit lite naturgrunnlag å leve i.
Men med oppdrettsmerdene har viruset fått eit naturgrunnlag som gjer at viruset kan blomstre. Det gir betre grunnlag både for at virus kan mutere - endre arvestoffet - og for at nye virusartar for blomstre opp.

Publisert: 23.05.2019 15:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35