Juvel seld for 255 millionar
KONSESJON: Animasjon av Aker Biomarines nye krillskip som skal byggast hos Vard. Kjøpet av Juvel opnar for at konsesjonen frå Juvel kan flyttast over på det nye fartyet. Aker Biomarine har i dag to krilltrålarar i drift.
Nytt

Juvel seld for 255 millionar

Krilltrålaren seld 85 millionar kroner under pantekravet frå Nordea, Giek og Innovasjon Norge.

28.04.2017
Krilltrålaren Juvel blei seld for over 30 millionar dollar, opplyser skipsmeklar Ture Korsager i Atlantic Shipping. Det tilsvarar like over 255 millionar kroner.

Det danske meklarhuset hadde jobben med å finne kjøpar til skipet etter at gjeldsforhandlingane i Emerald Fisheries stranda og det blei opna konkurs.

340 millionar

Emerald Fisheries har rundt 340 millionar kroner i gjeld til dei tre pantesikra kreditorane, og det var dei som til slutt sette ned foten, i følgje bustyrar Thore Heggen ved konkursopninga i februar i år.

Med den prisen som blei oppnådd for Juvel (medrekna konsesjonen til å fiske krill i Sydishavet) har kreditorane framleis eit utdekka krav på 85 millionar kroner i buet. Det kravet blir no sett på line med andre usikra krav i buet.

Klaga vedtak

Aker Biomarine hadde det høgaste bodet, men Stig Remøys selskap Rimfrost har klaga at Fiskeridirektoratet har gitt Aker Biomarine løyve til å overta konsesjonen som var knytt til skipet.
Klaga skal behandlast av Nærings og Fiskeridepartementet. Får Aker Biomarine tommelen opp vil selskapet sitte med tre av dei fire norske konsesjonane til å drive krillfiske, medan Rimfrost sit på tilsagn om den fjerde konsesjonen.
Rimfrost var ein av bodgivarane, men nådde ikkje opp og planlegg no bygging av ein ny krillbåt i staden.

Publisert: 28.04.2017 14:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:08