Jule rush gav ny rekord
LØNSAMT: Asbjørn Foldal i Foldal Stempel har hatt ein resultatmargin på over 34 prosent i åtte år på rad.
Nytt

Jule-rush gav ny rekord

Frå oktober i fjor tok det heilt av for Foldal Stempel.

29.06.2016
I løpet av tre år har Asbjørn Foldal dobla driftsinntektene til Foldal Stempel. Berre i fjor auka han salet med over 35 prosent og greidde likevel å halde oppe den gode lønsemda i selskapet. (sjå tabell)
- Det var mykje å gjere, seier Foldal om fjoråret.
Hovudårsaka til den store veksten dei siste åra er satsing på skiltproduksjon i tillegg til å lage stempel. I fjor anslo Foldal at skilt sto for halvparten av driftsinntektene.

Julestri

Frå oktober skaut etterspørselen etter skilt i veret og han og kollegaene fekk så mykje å gjere at det vart i overkant travelt, i følgje Foldal.
Selskapet lagar både små namneskilt og dørskilt til private og bedrifter, og eit slikt rush som det var før jul i fjor har Foldal aldri vore borte i før.
Så langt i år ligg driftsinntektene til selskapet over nivået frå same tid i fjor.

Full kapasitet

Etterspørselen frå offshorereiarlaga, som tidlegare var storkjøparar av stempel, har gått ned i takt med oljeprisfallet og færre kontraheringar. Men utanom det har ikkje Foldal merka nokon følgjer av prisfallet, og han seier at også salet av stempel auka i fjor.
Foldal Stempel held til i den tidlegare skulestova i Follestaddalen i Ørsta. Bedrifta har åtte tilsette. både lokalet og talet på tilsette gjer at selskapet stangar i kapasitetstaket, men Foldal har førebels ikkje planar om utviding.

Høg lønsemd

Stempelproduksjonen i Follestaddalen vart starta av far til Asbjørn. Frå 2008 blei drifta organisert i selskapet Foldal Stempel, som Foldal eig saman med kone og barn.
Lønsemda har svært vore god heile vegen. Resultatmarginen (resultat før skatt i prosent av driftsinntektene) har vore over 34 prosent kvart år sidan 2008.

Publisert: 29.06.2016 11:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58