Jubeldag for skipstunnelen
STATSRÅDMØTE: Samferdsleminister Jon Georg Dale møtte Randi P. Humborstad og Rolf Domstein frå prosjektgruppa for Stad skipstunnel førre veke. Rapporten frå Kystverket var ikkje oversendt på det tidspunktet, men statsråden kom med positive signal, ifølgje Humborstad.
Nytt

Jubeldag for skipstunnelen

– No ser eg ikkje noko som kan stanse prosjektet, seier prosjektleiaren for Stad skipstunnel gledesstrålande. Ny rapport frå Kystverket peikar mot byggestart i 2021.

Marius Rosbach
17.06.2019
Måndag kom den siste rapporten frå Kystverket om Stad skipstunnel, som viser at det er .
– Dette er ein gledesdag. No ser eg ikkje noko som kan stanse prosjektet, seier Randi P. Humborstad i styringsgruppa for Stad skipstunnel til NETT NO.
Med eit kostnadskutt på kring 630 millionar kroner på sjølve bygginga, er prislappen nede på nivået som samferdsleminister Jon Georg Dale har antyda må til. Ifølgje utrekningane til Kystverket kan tunnelen byggjast for 2,8 milliardar med moms rekna i 2018-kroner.
Les også:

Takast i bruk i 2025?

I rapporten vert det antyda ein tidsplan for prosjektet med investeringsavgjerd i 2020 og byggestart i 2021. Då kan ein verte ferdig i løpet av 2024 og skipstunnelen kan takast i bruk i 2025.
– Her har Kystverket levert etter bestillinga og er kome godt innafor rammene. No ventar vi at regjeringa følgjer opp med oppstartsmidlar på neste års statsbudsjett, slik at arbeidet kan starte i 2021, seier ho.
Humborstad fekk beskjeden medan ho var i Spania – på sin første feriedag for sommaren.
– Dette er den beste starten på ferien eg kunne fått, seier ho.

Positive signal frå statsråden

Skipstunnelen er planlagt bygd mellom Eide i Moldefjorden og Kjøde ved Vanylvsfjorden i Selje kommune. Prosjektet ligg inne i Nasjonal Transportplan (NTP) for 2018-2029 - men samferdsleminister Jon Georg Dale før han ville gi endeleg grønt lys.
Humborstad og Rolf Domstein i prosjektgruppa for tunnelen møtte Dale førre veke. Då var ikkje rapporten ferdig, men dei fekk klart positive signal.
– Vi fekk signal allereie då at det var ein veldig positiv rapport, seier ho.
Kystverket treng to år til å førebu byggestart, gjere grunnerverv, arkeologiske utgravingar, kontrahering og etablering av organisasjonen.

Betre nytteverdi

Ifølgje rapporten vert også nytteverdien auka med nær ein milliard kroner. Analysen frå Kystverket viser dermed ein negativ sokalla nettonytte på 2,39 milliardar.
Ringverknader av turisme er mellom dei tinga som ikkje er talfesta – men no er det utrekna tal for spart drivstoff og mindre utslepp.
NETT NO fekk ikkje svar frå samferdsleministeren måndag om korleis han ser på skipstunnelen i lys av den nye rapporten.
Les meir:


Publisert: 17.06.2019 18:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36